Vigdis Giltun
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vigdis Karen Giltun (fødd 11. mars 1952 i Oslo) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Ho vart valt inn på Stortinget frå Østfold fylke i 2005 og valt på nytt i 2009.
Giltun er utdanna som teknisk teiknar frå Oslo Elementærtekniske skole i åra 1969–71 og har arbeidd i ei rekkje firma som teknisk teiknar, av dei Asea - Per Kure, Manpower, Skuteng og Aker Element. Ho tok fagbrev som ortopediteknikar i 1999 og arbeidde for SunChris Ortopediske frå 1992 til 2003.
Giltun har vore medlem av kommunestyra i Onsøy og Fredrikstad.
Stortingskomitear [endre]
- 2009–: medlem av arbeids- og sosialkomiteen
- 2005–09: medlem av helse- og omsorgskomiteen