Vigdis Ystad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vigdis Ystad, eller Åse Vigdis Ystad (fødd 13. januar 1942), er ein norsk litteraturforskar, fødd i Verdal, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo frå 1979 etter å ha vore universitetslektor og dosent same stad frå 1973, og leiar for prosjektet Henrik Ibsens skrifter frå 1998 til 2009. Ho vart dr.philos. i 1974 på ei avhandling om Kristofer Uppdals lyrikk (utgjeve i 1978).

Vigdis Ystad har hatt ein rad faglege og forskingspolitiske verv. I forskingsarbeidet sitt har ho særleg interessert seg for forfattarskapen til Henrik Ibsen. Det store prosjektet Henrik Ibsens skrifter, som ho var leiar for, var ei heilt ny vitskapleg og historisk-kritisk utgåve av alle arbeida til Henrik Ibsen. Prosjektet vart avslutta i 2010 og resulterte i 16 band med Ibsens tekstar, 16 band med kommentarar og eit registerband som gjorde greie for dei filologiske retningslinene, alt utgjeve som både bøker og i elektronisk skipnad.

Vigdis Ystad er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, Kungl. Vetenskaps-Societeten, Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien, Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, Det norske språk- og litteraturselskap og Nordisk Nettverk for Edisjonsfilologer. Ho var leiar av Fondet for Dansk-norsk samarbeid i åra 1978–2000. I 2012 vart ho riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen for sin innsats for norsk kulturliv.