Elva Vigga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vigga (elv))
Ved Ringvang bru på Brandbu

Vigga er ei elv på Hadeland. Ho startar i åsane aust for Grua, renn først eit stykke mot vest, så mot nord og nordvest til Roa. Her tar ho imot sideelvar frå Elgsjøen og Kalvsjøtjernet, før ho renn vidare mot nordvest og nord og munnar ut i Jarenvatnet (201 moh.). Frå her renn ho mot nordvest gjennom Brandbu og munnar til slutt ut i Røykenvika i Randsfjorden.

Elva skal opphavleg ha vorte kalla Jadra, som har gjeve namn til Jarenvatnet. Eit anna namn er Augedalselva eller Åvedalselven, som har gjeve namn til den gamle skysstaden Augedals bro ved dagens Brandbu. Her låg den gamle brustaden for kongevegen, fram til det på midten av 1800-talet vart flytta lenger opp, til Rosendal. I nærleiken ligg òg den gamle Molstadkvern mølle frå 1915, i dag ein del av Hadeland Folkemuseum.