Vigra-slekter gjennom 500 år

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vigra-slekter gjennom 500 år
Forfattar(ar)Johan S.J. Molnes
SjangerÆttebok, bygdebok
Utgjeven1987
ForlagGiske kommune
Sider575

Vigra-slekter gjennom 500 år er ei slektsbok for Vigra som vart samla og skriven av Johan S.J. Molnes. Boka er utgjeven av Giske kommune og vart trykt første gong hos SMP-TRYKK Sunnmørsposten i 1987. Molnes skreiv boka i perioden 1978-1987 på oppdrag av kommunen. Boka kan kjøpast i papirversjon frå Giske kommune.

I 2010 vedtok kommunen å digitalisere boka gjennom SEDAK (Senter for Digitalisering Av Kulturarven), og boka har sidan 2012 også vore tilgjengeleg elektronisk, først frå SEDAK og seinare frå Kulturnett.

Boka manglar opphavleg innhaldsforteikning og register. I 2011 skreiv Stig A.V. Synnes innhaldsforteikning og register og gjorde dei tilgjengelege på internett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]