Viivi Luik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Viivi Luik (2011).

Viivi Luik (fødd 6. november 1946 i Tänassilma i Viiratsi i Estland) er ein estisk forfattar og lyrikar.

Viivi Luik har bondebakgrunn. Den tidlege skulegangen hadde ho i heimtraktene, og så gjekk ho på gymnaset i Tallinn. Deretter var ho bokhaldar og arkivar. Sidan 1967 har ho livnært seg av forfattarskapen sin.

Luik skreiv dei fyrste dikta sine i 1962. I 1965 kom den fyrste boka hennar. Fram til 40-årsdagen sin forfatta ho rundt 400 dikt. Romanane hennar tek opp tilstandane og stemningane under sovjettida. Ho vart etter kvart internasjonalt kjend.

Viivi Luik er gift med forfattaren og diplomaten Jaak Jõerüüt (1947– ).

Luik vart i 1988 tildelt Juhan Liiv-lyrikkprisen og i 1992 kulturprisen til den estiske staten.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Ti lyrikkbind, tre romanar, dessutan essay, høyrespel og barnebøker.

  • Pilvede püha (diktsamling, 1965)
  • Taevaste tuul (diktsamling, 1966)
  • Hääl (diktsamling, 1968)
  • Lauludemüüja (diktsamling, 1968)
  • Ole kus sa oled (diktsamling, 1971)
  • Pildi sisse minek (diktsamling, 1973)
  • Leopold (barnebok, 1974)
  • Salamaja piir (fortelling, 1974)
  • Vaatame mis Leopold veel räägib (barnebok, 1974)
  • Põliskevad (diktsamling, 1975)
  • Leopold aitab linnameest (barnebok, 1976)
  • Luulet 1962–1974 (antologi, 1977)
  • Maapäälsed asjad (diktsamling, 1978)
  • Tubased lapsed (barnebok, 1979)
  • Rängast rõõmust (diktsamling, 1982)
  • Kõik lood Leopoldist (barnebok, 1984)
  • Seitsmes rahukevad (roman, 1985)
  • Kolmed tähed (barnebok, 1987)
  • Ajaloo ilu (roman, 1991)
  • Inimese kapike (essays, 1998)
  • Maa taevas: luulet 1962-1990 (antologi, 1998)
  • Elujoon: valitud luuletused 1962–1997 (antologi, 2005)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]