Vik kommune
| Vik kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1417 |
| Fylke | Sogn og Fjordane |
| Adm.senter | Vikøyri |
| Areal | 828 km² |
| Folkemengd | 2 747 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007-) | Marta Finden Halset (Ap) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.vik.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Vik kommune på Commons | |
Vik er ein kommune i Sogn og Fjordane fylke. Han ligg midtvegs inne og på sørsida av Sognefjorden, og grensar i aust til Aurland kommune, i sør til Voss kommune og Vaksdal kommune, og i vest til Modalen kommune og Høyanger kommune. På den andre sida av fjorden ligg Balestrand, Leikanger, Sogndal og Lærdal.
Innhaldsliste |
Kommunesoge [endre]
Vik kommune består i dag av Arnafjord og strendene, Vangsnes, Feios og Fresvik i tillegg til Vik sentrum.
Vik kommune vart oppretta som Vik formannskapsdistrikt i 1837. Kommuen femde då Kvamsøy sokn på nordsida av Sognefjorden og på sørsida av fjorden frå grensa til Vangsnes sokn i aust til grensa mot Kyrkjebø sokn i vest. I 1964 vart Vangsnes sokn overførd til Vik kommune frå Balestrand, og Kvamsøy sokn vart overførd til Balestrand kommune frå Vik, samstundes vart garden Nybø og bruket Nygjerdet overførde frå Vik til den nyoppretta Høyanger kommune. I 1992 vart Feios og Fresvik sokn overførde frå Leikanger til Vik.[2]
Vik prestegjeld og kyrkjesokn [endre]
Vik er eit kyrkjesokn i Ytre Sogn prosti, og til 2004 var Vik også eit prestegjeld. Prestetenesta i Vik vert no leia av prosten i Ytre Sogn prosti og prestegjeldet er nedlagt. Soknekyrkje for Vik er Vik kyrkje frå 1877. Kyrkja erstatta Hove kyrkje og Hopperstad stavkyrkje som soknekyrkje, og dei to sokna Hopperstad og Hove vart då slegne saman til eitt sokn, som fekk namnet Vik.
I tillegg til Vik sokn omfatta Vik prestegjeld òg Arnafjord sokn i vest og Vangsnes, Feios og Fresvik sokn austom hovudsoknet. Prestegjeldet hadde desse kyrkjene: Arnafjord kyrkje frå 1880 i bygda Nese ved Arnafjorden, Vik kyrkje frå 1877 i kommunesenteret, Vangsnes kyrkje frå 1861 på Vangsnes, Feios kyrkje frå 1866 i Feios, og Fresvik kyrkje frå 1881 i Fresvik. I tillegg kjem mellomalderkyrkjene Hopperstad stavkyrkje og Hove kyrkje som er eigde av kvar seg Fortidsminneforeninga og Miljøverndepartementet, og fungerer som museumskyrkjer.
Fram til 1809 høyrde og Kyrkjebø sokn til Vik prestegjeld, og fram til 1964 høyrde Kvamsøy sokn til Vik. Kyrkjebø vart overførd til Lavik prestegjeld, og Kvamsøy vart overførd til Balestrand prestegjeld. Vangsnes sokn høyrde til Balestrand prestegjeld frå 1850 til 1964. Før det igjen høyrde Vangsnes til Leikanger prestegjeld.[3] Fresvik og Feios sokn høyrde til Leikanger fram til 1992.
Fotnotar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Kommunefakta Sogn og Fjordane (Statistisk Sentralbyrå)
- Eldre fotografi frå Vik på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- vik.kommune.no
- Om Vik kyrkjelege fellesråd på nettstaden til Den norske kyrkja
- Vikjavev.no: Bildesamling og vêrdata frå Vik
- vik.no: Vik sine reiselivssider
| Kommunar i Sogn og Fjordane | ||
|---|---|---|
| Sogn | Aurland · Balestrand · Gulen · Hyllestad · Høyanger · Leikanger · Luster · Lærdal · Sogndal · Solund · Vik · Årdal | |
| Sunnfjord | Askvoll · Bremanger · Fjaler · Flora · Førde · Gaular · Jølster · Naustdal | |
| Nordfjord | Bremanger · Eid · Gloppen · Hornindal · Selje · Stryn · Vågsøy | |
|
|
|
|---|---|
| Arnafjord · Balestrand · Bjordal og Ortnevik · Brekke · Feios · Fresvik · Gulen · Hyllestad · Høyanger · Kyrkjebø · Lavik · Mjømna · Solund · Vangsnes · Vik |