Vika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vika eller Viki (dansk Vigen, bokmål Viken) er eit historisk namn på området kring Oslofjorden, av norrønt Vík eller Víkin.

Vikværing eller vikver – på norrønt i fleirtalsformene víkverir eller víkverjar – er namnet på ein innbyggjar i Vika. I vikingtida hadde danske kongar stor innflyting i Vika, og stundom låg området formelt under Danmark med ein norsk jarl, som Eirik Håkonsson Ladejarl.

I landskapet Vika låg dei fire fylka Ranrike, Vingulmork, Vestfold og Grenland, som breidde seg etter sjøsida frå Brunlanes i vest via Oslo til utløpet av Gautelva i Båhuslen.

Vika i Oslo[endre | endre wikiteksten]

I nyare tid er Vika au ei nemning på eit område i Oslo by, ned mot Aker Brygge. Vika eller Pibervigen var ein uregulert forstad med preg av slum og prostitusjon før rådhuset i Oslo vart bygt og innvigt i 1950, og Vika vart sanert i samband med dette byggearbeidet og i tida etterpå.