Viking 1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Viking-banesonde
Viking-landar

Viking 1 var den første av to romsondar sende til Mars som ein del av NASA sitt Viking-progam. Sonden bestod av to delar; ein banesonde og ein landar. Viking 1-landaren held rekorden for den lengstlevande marslandaren med 2245 marsdøger (til samanlikning hadde det robotiske marskøyretøyet Spirit per januar 2009 vore operativ i meir enn 1805 marsdøger).

Ferdprofil[endre | endre wikiteksten]

Romsonden blei skote opp med eit Titan/Centaur-oppskytingsfartøy 20. august 1975. Etter ei ferd på ti månadar nådde sonden marsbane den 19. juni 1976. Den 20. juli blei landingssonden separert ifrå banesonden og landa tre timar seinare på Chryse Planitia på Mars.

Etter 1485 krinsløp rundt Mars blei banesonden teke ut av drift den 17. august 1980. Viking 1-landaren var operativ fram til 13. november 1982 då ein miste kontakt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne Marsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.