Viking 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viking-banesonde
Viking-landar
Bilete ifrå Viking 2-landaren av eit tynt lag av vassis på marsoverflata

Viking 2 var den andre av to romsondar sende til Mars som ein del av NASA sitt Viking-progam. Sonden bestod av to delar; ein banesonde og ein landar.

Ferdprofil[endre | endre wikiteksten]

Romsonden blei skote opp 9. september 1975 med eit Titan/Centaur-oppskytingsfartøy. Etter ei ferd på 333 dagar byrja Viking 2-banesonden å returnera bilete av Mars. Nokre dagar seinare, den 7. august 1976, gjekk sonden inn i bane rundt planeten. Den 3. september 1976 blei landaren separert ifrå banesonden og landa nokre timar seinare på Utopia Planitia på Mars.

Etter å ha returnert nesten 16000 bilete og ha gjennomført 700-706 krinsløp rundt Mars blei banesonden skrudd av 25. juli 1978. Landaren var operativ i nesten to år til og blei skrudd av 11. april 1980 då batteria feila. Då hadde han vore operativ for 1281 marsdøger.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne Marsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.