Vikna kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vikna kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1750
Fylke Nord-Trøndelag
Adm.senter Rørvik
Areal 309 km²
Folkemengd 4 300 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Reinert Eidshaug (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.vikna.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1750.svg
Vikna kommune på Commons

Vikna kommune ligg i Nord-Trøndelag fylke, på kysten nord for fjorden Folda, og grensar til Flatanger i sør, til Nærøy i aust og til Leka i nord. Kommunen består av i underkant 6000 øyar, holmar og skjer. Den største tettstaden og administrerande senter i kommunen er Rørvik som ligg på Inner-Vikna.

Det høgste punktet i kommunen er Vattafjellet som ligg 173 meter over havet. Vikna har den lengste kystlinja i Noreg på 2460 km.[2]

Lauvøya og dei tre største øyane i kommunen er knytte saman med bruer via fylkesveg 770. Lokal flyplass, Rørvik lufthamn, Ryum, ligg sør på Inner-Vikna. Hurtigruta stoppar ved Rørvik.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Vikna er den største fiskerikommunen i Nord-Trøndelag, med mykje fiskeopprett og dei største mottaka av fisk i fylket. I nyare tider har fisket gått litt tilbake medan jordbruket har auka. Vikna har litt industri som i hovudsak er basert på fisket.

Ein vindmøllepart ligg på Husfjellet og har ein årsproduksjon på 6 GWh i snitt.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]