Viksdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Området rundt Viksdalen kyrkje i 1948

Viksdalen er ei bygd i Sunnfjord kommune i Vestland. Bygda har to dalføre; Råheimsdalen og Eldalsdalen, desse vert samla i et hovuddalføre som fører vidare mot Sande. Senteret i bygda, Vika, ligg ved enden av Råheimsdalen. Her finst skule, barnehage og nærbutikk. Viksdalen kyrkje ligg òg her.

Viksdalen er kjend for sin natur med elva Gaula (Gaularvassdraget) og Viksdalsvatnet som midtpunkt. Vegsambandet over Gaularfjellet mellom Viksdalen og Balestrand er òg godt kjent, og vil få status som nasjonal turistveg. Gaularfjellet er også eit ettertrakta område for friluftsliv, særskilt i vintersesongen. Hestad kapell ligg i nedre del av Viksdalen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]