Viktor Borisov-Musatov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viktor Borisov-Musatov

Verkeleg namn Kyrillisk skrift Виктор Эльпидифорович Борисов-Мусатов
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 2. april 1870
Saratov
Død

26. oktober 1905 (35 år)
Tarusa

Yrke kunstmålar, biletkunstnar
Språk russisk
Viktor Borisov-Musatov på Commons

Viktor Elpidiforovitsj Borisov-Musatov (14. april 18708. november 1905) var ein russisk målar, kjend for sin post-impresjonistiske stil med drag av symbolisme, rein dekor og realisme. Saman med Mikhail Vrubel vert han ofte omtala som skaparen av russisk symbolisme i kunsten.

Sjølvportrett med syster, 1898

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Viktor Musatov vart fødd i Saratov i Russland (namnet Borisov la han til seinare). Far hans var tenestemann på jarnbanen, men var fødd liveigen. I barneåra vart han råka av ein sjukdom i ryggsøyla, noko som førte til at han var krylryggja resten av livet. I 1884 byrja han på realskulen i Saratov, der hans kunstnariske talent vart openbert for lærarane hans.

Maiblomar, 1894

Han vart elev ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur i 1890, men flytta året etter over til St. Petersburgs kunstakademi, der han var elev av Pavel Tsjistjakov. Det fuktige verlaget i St. Petersburg var ikkje godt for helsa hans, så i 1893 reiste han tilbake til Moskva og byrja på nytt ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Dei tidlege verka hans, som Maiblomar (1894), vart av skuleleiinga karakterisert som dekadente. Han fekk skarp kritikk for ikkje å skilje tydeleg mellom jenta og epletrea, i sitt søk etter eit dekorativt uttrykk. Same arbeidet vart derimot prisa av fylgjesvenene hans, som heldt han for å vere leiaren av ei ny kunstrørsle.

I 1895 forlét Musatov Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur og byrja på Fernand Cormon sine skule i Paris. Han studerte der i tre år, men reiste om somrane til Saratov. Han var fascinert av kunsten til sine franske samtidige, særleg av bileta til «den franske symbolismens far» Pierre Puvis de Chavannes og av verka til Berthe Morisot.

I 1898 drog Borisov-Musatov tilbake til Russland og kom omgåande i ei tidsstemning kalla for «fin de siècle-nostalgi». Han klaga over den «hjertelause tida, den sanne jarnalderen», over «skit og keisemd» og «djevelens søkkemyr». Attåt hadde han akutte pengeproblem, noko som betra seg fyrst i dei seinare åra av livet hans, då kunstsamlarar byrja å kjøpe måleria hans. Musatov reagerte på omstenda med å skape ei halvt illusorisk verd med å syne ein 1800-tals landadel i deira parkar og landsete. Denne verda var delvis bygd på godset Zubrilovka som tilhøyrde fyrstane Prozorvkij-Galitzin, og delvis bygd på Musatovs eigne førestillingar.

Borisov-Musatov gjekk bort frå oljemåleriet. I staden brukte han både tempera og akvarell- og pastell-teknikkar som han fann meir eigna for dei finstemte lys- og synseffektane han var ute etter å skape.

Dammen, 1902

Borisov-Musatov var medlem Samlinga av russiske kunstnarar og ein av grunnleggjarane av og leiar av Moskvas kunstnarforeining, ei progressiv kunstnargruppa beståande av folk Pavel Kuzjnetsov, Peter Utkin, Aleksandr Matvejev, Martiros Sarjan, Nikolaj Sapunov og Sergej Sudejkin.

Requiem, 1905

Det best kjende måleriet frå denne perioden er Dammen (1902). Biletet framstiller dei viktigaste kvinnene i livet hans, systera Jelena Musatova og kunstnaren og den seinare kona hans Jelena Aleksandrova. Menneska er vovne inn i landskapet, ein gammal park med ein dam. Eit anna kjent måleri er Spøkjelse (1903) som skildrar eit gjenferd i trappa på ein gammal herregard på landet. Måleriet vart prisa av dei samtidige symbolist-poetane Valerij Brjusov og Andrej Belyj.

I 1904 heldt Borisov-Musatov ei mykje besøkt separatutstilling i fleire byar i Tyskland, og våren 1905 stilte han ut på Salon de la Société des Artistes Française og vart medlem av denne foreininga.

Requiem kalla Borisov-Musatov det siste måleriet han fullførte. Biletet var tileigna minnet om Nadezjda Stanjukovitsj, ein nær venn av kunstnaren. Måleriet har trekk som kan tyde på at Borisov-Musatov var på veg mot ein nyklassistisk stil.

Borisov-Musatov døydde 1905 av eit hjarteattakk og vart gravlagd på elvebreidda av elva Oka nær byen Tarusa. På grava står ein skulptur av ein sovande gut, laga av hans nære kollega Aleksandr Matvejev.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]