Viktor Kositsjkin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viktor Kositsjkin

Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 25. februar 1938
Rybnovsky District
Død

30. mars 2012 (74 år)
Moskva

Yrke skøyteløpar
Språk russisk
Høgd 185 centimeter
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Viktor Kositsjkin på Commons

Viktor Ivanovitsj Kositsjkin (25. februar 193830. mars 2012) var ein russisk skeiseløpar frå Rybnoje som representerte Sovjetunionen. Han vart olympisk meister på 5 000 meter i 1960, europameister 1961 og verdsmeister 1962.

Kositsjkin debuterte internasjonalt i 1959. Under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley i USA vann han 5 000 meter framom norske Knut Johannesen, på 10 000-meteren bytta dei plass på sigerspallen så Kositskjin vart både gull- og sølvvinnar. I 1961-sesongen vart han sovjetisk meister og europameister på skeiser, under verdsmeisterskapen 1961 i Göteborg vart han overraskande slått av nederlendaren Henk van der Grift og enda på andreplassen.

Sovjetisk frimerke frå 1962

Under VM 1962 i Moskva vann Kositsjkin ein klar siger, men vart same sesongen nummer to i den nasjonale meisterskapen i Gorkij. I OL-sesongen 1964 vart han andremann både i sovjetmeisterskapen i Sverdlovsk og i VM i Helsinki. Vinteren 1965 kom han på bronseplassen både ved EM i Göteborg og i den nasjonale meisterskapen i Gorkij. Han la opp etter 1966-sesongen.

Kositsjkin budde i Moskva og døydde der, 74 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]