Viktor Khristenko
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viktor Borisovitsj Khristenko (fødd 28. august 1957) (russisk Виктор Борисович Христенко), er ein russisk politikar og økonom. 24. februar til 5. mars 2004 var han fungerande statsminister i Russland etter at forgjengaren Mikhail Kasianov vart avsett av president Vladimir Putin.
Khristenko vart fødd i Tsjeljabinsk. Han er gift og har tre born. Han har doktorgrad i økonomi og jobba etter endt utdanning ved universitetet i Tsjeljabinsk. Frå 1991 til 1997 hadde han høge posisjonar i administrasjonen i Tsjeljabinsk oblast. I 1997 kom han til Kreml som visefinansminister. Frå 1999 var han visestatsminister. Sidan 5.mars 2004 har han vore industri- og energiminister.
| Føregjengar Mikhail Kasianov |
Russland sin statsminister 2004–2004 |
Etterfylgjar Mikhail Fradkov |
