Viktor Kortschnoi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Viktor Kortschnoi

Viktor Lvovitsj Kortschnoi, tysk skrivemåte, russisk Ви́ктор Льво́вич Корчно́й, norsk transkripsjon Viktor Lvovitsj Kortsjnoj, engelsk Viktor Korchnoi, (fødd 23. mars 1931) i Leningrad, i det dåverande Sovjetunionen, er ein russisk, seinare sveitsisk sjakkspelar. Han er ein av dei sterkaste sjakkspelarane gjennom tidene som ikkje har blitt verdsmeister i sjakk. I 2009 var Kortschnoi den eldste aktive internasjonale stormeisteren i verda.

Kortschnoi er mest kjend for sine tre kampar om verdsmeistertittelen mot Anatolij Karpov.

Den første av desse var ei kandidatfinale i 1974 om retten til å møte dåverande regjerande verdsmeister Bobby Fischer til tittelkamp i 1975. Kampen i 1974 blei vunnen 3-2 av Karpov, med 19 remiser. Og då Fischer ikkje stilte til VM-kamp året etterpå blei Karpov verdsmeister.

Kortsjnoj søkte politisk asyl frå Sovjetunionen i 1976.

Både i 1978 og 1981 klarte Kortschnoi å kvalifisere seg til VM-kamp mot Karpov. Kampen i 1978 blei jamnspelt og dramatisk, med bruk av parapsykolog og anklager om juks, men til slutt vann Karpov. I 1981 vann Karpov klart.

Sjakkarriere[endre | endre wikiteksten]

Kortschnoi har ei lang og omfattande sjakkarriere, med mange sigrar. Blant dei viktigaste er fire sovjetmeisterskap i sjakk, i åra 1960, 1962, 1964/65 og 1970.

Heider[endre | endre wikiteksten]

Kortschnoi vann sjakk-Oscar for 1978. Sjakk-Oscar blir gitt til den beste spelaren siste år, etter ei avstemming blant sjakkjournalistar og sjakkekspertar verda over.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]