Viktor Sanejev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viktor Sanejev


Fødenamn Виктор Данилович Санеев
Statsborgarskap Sovjetunionen, Georgia, Australia
Fødd 3. oktober 1945
Sukhumi
Død

3. januar 2022 (76 år)
Sydney

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980, Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1968

Utmerkingar

Leninordenen, Oktoberrevolusjonsordenen, Arbeidets røde fanes orden, Ordenen folkenes vennskap, Idrettens mester i Sovjetunionen, Æresordenen, honorary citizen of Tbilisi, Vakhtang Gorgasals orden

Viktor Danilovitsj Sanejev (3. oktober 19453. januar 2022) var ein sovjetisk tresteghoppar frå Sukhumi. Han vart olympisk meister tre gongar på rad; 1968, 1972 og 1976 og tok sølvmedaljen i øvinga i 1980. I tillegg vart han europameister to gongar og tok to EM-sølv.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sanejev fekk sitt internasjonale gjennombrot i 1968. Den 2. juli sette han personleg rekord med 16,76 m då han vann tresteg i eit stemne i Stockholm. Seks veker seinare auka han til 16,87 i Leningrad, under ein landskamp mellom Sovjetunionen, Polen og Aust-Tyskland, einast tre utøvarar hadde nokon gong hoppa lenger. I august vart han sovjetisk meister.

Den 17. oktober 1968 var det under OL i Mexico-byen klart for det som skulle verte ei historisk trestegtevling. Italienske Giuseppe Gentile innleia finalen med å sette ny verdsrekord med eit hopp 17,22 m, dagen etter han i kvalifiseringa nådde 17,10 m, også det over den gjeldande verdsrekorden til Józef Szmidt på 17,03 m. Fleire ansåg gullkampen som avgjord, men slik skulle det ikkje gå. «Den kraftige brasilianaren Nelson Prudencio öppnade helt oblygt med 17,05 og riposterade så i den andra omgången – 17,27, nytt världsrekord igen og troligt segerresultat». I tredje omgangen av OL-finalen auka Viktor Sanejev frå 16,84 m til 17,23 m og gjekk opp på andreplass. Stillinga med tre mann på 17,20-talet; 1) Prudencio, 2) Sanejev og 3) Gentile heldt seg til siste omgang. Då «blixtrade Sanejev till igjen. I ett abslolut perfekt avvägt hopp, i förnämlig balans» hinka han i veg mot vinnarresultatet 17,39 m. Året etter vann han gullmedaljen i tresteg under EM 1969. I for sterk medvind fekk han målt 17,23 m, også det «vindgodkjende» 16,94 m hadde halde til siger.

I 1970-sesongen vart det ikkje noko internasjonalt meisterskap. Sanejev gjorde likevel sesongens beste tresteghopp, då han vann trestegtevlinga i eine semifinalen i Europacupen med 17,25 m. Derimot vart han nummer to finaletevlinga trass i at han landa på 17,01 m, Jörg Drehmel sette austtysk rekord med 17,13 m. Året etter utklassa Sanejev konkurentane då han vart sovjetisk meister med sitt beste hopp for året, så langt. Dermed var han favoritt i EM 1971 i Helsingfors, men der vart han lurt av Drehmel som landa på 17,16 m i sitt fyrste forsøk, godt hjelpt av sterk medvind. Sanejev stoppa på 17,10 m og fekk sølv. 11. september 1971 gjorde han mange gode hopp i Madrid, det lengste målte 17,29 m, men han makta ikkje å ta tilbake verdsrekorden i tresteg, ein rekord på 17,40 m som 19-åringen Pedro Perez frå Cuba hadde sett den 8. august i Cali i Colombia.

Den 15. august 1972 stod Sanejev for det lengste tresteghoppet i verda så langt i OL-sesongen, då han i München, tre veker før den olympiske trestegtevlinga, fekk målt 17,25 m. I den olympiske finalen same staden fekk han knallhard konkurranse frå austtyske Drehmel, som forbetra landsrekorden til 17,31 m. Likevel klarde Sanejev å strekke Drehmel med sine 17,35 m. På dagen nøyaktig fire år etter han sette verdsrekord i Mexico, forbetra Sanejev heime i Sukhumi sin eigen verdsrekord til 17,44 m.

Framom europameisterskapen 1974 i Roma hadde Drehmel årsbeste i verda med 17,06 m, medan Sanejev som best hadde ein centimeter kortare. Men på olympiastadion i Roma lukkast ikkje Drehmel nå opp mot sitt beste og vart nummer fire. Sanejev, derimot, gjorde sitt beste hopp for året og vann med 17,23 m, heile 55 cm betre enn andremann i tevlinga.

Framom sommarleikane 1976 i Montréal var ikkje Sanejev den aller største favoritten, etter at brasilianaren Joao de Oliveira hadde forbetra verdsrekorden til 17,89 m. Men Sanejev viste enno ein gong framifrå tevlingsstyrke ved å nå sitt stabile toppnivå, med eit bestehopp på 17,29 m tok han sitt tredje strake OL-gull, USA-amerikanske James Butts og nettopp Oliveira kom på dei andre medaljeplassane.

Under europameisterskapen i friidrett 1978 måtte Sanejev for fyrste gong nøye seg med eit bestehopp under 17 meter. Med 16,93 m måtte han sjå seg slått av Miloš Srejović, som representerte Jugoslavia, med ein fattig centimeter i kampen om gullmedaljen. Ein ny sølvmedalje tok han under OL 1980 i Moskva. Han nådde 17,24 m i sitt lengste hopp, medan landslagskollegaen Jaak Uudmäe landa på 17,35 m. Dermed lukkast ikkje Sanejev å vinne fire strake OL-gull i same øvinga.

Sanejev vart russisk meister sju gongar: 1967-71, 1973-75 og i 1978.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

På 1990-talet busette Sanejev seg i Sydney i Australia.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]