Viktor Vasnetsov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1873.
På flyttefot, 1876
Akrobatar, 1877
Det magiske teppet, 1880
Riddarar ved vegskiljet, 1882
Bogatyrane, 1898
Guds son, 1885-96
Bjarmeland, 1899

Viktor Mikhajlovitsj Vasnetsov (russisk Виктор Михайлович Васнецов) (15. juni 184823. juni 1926) var ein russisk kunstmålar som spesialiserte seg på mytologiske og historiske emne. Han vert rekna for å vere ein nøkkelperson i nyoppvekkingsrørsla i russisk kunst. Også den yngre broren hans, Apollinarij Vasnetsov, var ein framifrå kunstmålar.

Barndom (1848-1858)[endre | endre wikiteksten]

Viktor Vasnetsov vart fødd i landsbyen Lopjal i Vjatka-guvernementet i 1848. Faren, ein landsbyprest, var ein godt utdanna mann med interesser i naturvitskap, astronomi og kunstmåling. Bestefaren var ikonmålar. I eit seinare brev til Vladimir Stasov, uttala Vasnetsov at han "hadde levd mellom bondeborn og likte dei, ikkje som ein narodnik, men som ein venn".

Vjatka (1858-1867)[endre | endre wikiteksten]

Frå då han var ti år gammal gjekk Vasnetsov på skule i Vjatka. Gjennom skuletida arbeidde han elles for ein ikonseljar som dreiv butikk i heimetraktene. Han hjelpte ein landflyktig polsk kunstmålar, Michał Andriolli, med å måle freskar i Aleksandr Nevskij-katedralen i Vjatka.

Etter å ha bestått eksamen ved skulen og gått eit kurs i måling, bestemte Vasnjetsov seg for å flytte til St. Petersburg for å studere kunst. Han auksjonerte vekk to måleri han hadde laga, for å skaffe nok pengar til turen til den russiske hovudstaden.

St. Petersburg (1867-1876)[endre | endre wikiteksten]

I august 1867 byrja Vasnjetsov på St. Petersburgs kunstakademi. Tre år seinare gjorde realisme-målarane opprør mot den herskande akademi-stilen i russisk kunst og danna Peredvizjnikij-rørsla til motsvar. Vasnjetsov hadde utvikla vennskap med leiaren av Peredvizjnikij, Ivan Kramskoj, og omtala han som læraren sin. Han kom også i eit nært forhold til medstudenten Ilja Repin, ein seinare, framståande medlem av Peredvizjnikij.

Vasnetsov, som seinare først og fremst skulle verte knytt til historiske og mytologiske motiv, heldt seg langt unna slik kunst i sine læreår. For den grafiske komposisjonen Kristus og Pontius Pilatus. Framfor menneska vart han tildelt ein sølv-medalje av kunstakademiet. Tidleg i 1870-åra utførte han mange koparstikk som skildra samtidas kvardagsliv. To av dei (Landsens bokseljar frå 1870, og Gut med ei flaske vodka frå 1872) vart vist ved verdsutstillinga i London i 1874. Stikka vart påskjøna med bronsemedalje.

På same tid tok han til med å lage sjanger-måleri i olje. Arbeid som Bondesongarar (1873) og På flyttefot (1876) vart vel mottekne av krinsar og miljø i det russiske samfunnet som hyste demokratiske tankar og framtidsvoner.

Paris (1876-1877)[endre | endre wikiteksten]

I 1876 inviterte Repin Vasnjetsov til å verte med til Paris og Peredvizjnikij-kolonien der. Medan han budde i Frankrike, studerte Vasnjetsov klassiske og samtidige kunstmåleri, så vel akademi-stil som impresjonistisk målemåte. I denne perioden måla han Akrobatar (1877), laga trykk, og stilte ut nokre av verka sine på Salongen.

Under opphaldet i Paris vart han fascinert av tema i folkediktinga, og starta å arbeide på Ivan Tsarevitsj Ridande ein grå ulv og Eldfuglen. Vasnjetsov var ein modell for Sadko i Repins kjende måleri Sadko i det underjordiske kongeriket. Etter eitt år returnerte han til Russland, busette seg i Moskva.

Moskva (1877-84)[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1870-talet konsentrerte Vasnetsov seg om å illustrere russisk folkedikting og russiske heltedikt, han utførte då nokre av sine mest kjende arbeid: Ein riddar ved krossvegane (1878), Fyrst Igors slagmark (1878), Tre prinsesser av det underjordiske kongeriket (1879-1881), Det magiske teppet (1880) og Aljonusjka (1881).

Desse verka vart lite påakta i kunstnarens levetid. Mange radikale kritikarar underkjente dei, dei meinte bileta braut formykje med Peredvizjnikij-gruppa sine prinsipp for kva som var realisme. Til og med ein så framståande kunstkjennar som Pavel Tretjakov avslo å kjøpe av dei.

Interessa for Vasnetsovs målarkunst skulle auke på ut i 1880-åra, då han vende seg mot religiøse emne. Han utførte mellom anna ein serie med ikonar til Abramtsevo-godset, eigd av den mektige kunstpatronen Savva Mamontov.

Kiev 1884-89[endre | endre wikiteksten]

Åra 1884-1889 var Vasnetsov hyra inn for å måle freskar i Volodymyrskatedralen i Kiev. Det var ei utfordrande oppgåve, då framstillinga var i motstrid både med russiske og vest-europeiske tradisjonar for korleis religiøse motiv skulle vere. Kunstkritikaren Vladimir Stasov stempla bileta som heilagbrot og leik med dei religiøse kjenslene i det russiske folk. Ein annan kjend kritikar, Dmitrij Filosofov, refererte til desse freskane som "den første brua over 200-årsgapet som skil ulike klassar av det russiske samfunnet".

Medan han budde i Kiev vart Vasnetsov venn med Mikhail Vrubel, også han oppteken med utsmykkinga av katedralen. Den yngre Vrubel lærte ein heil del av Vasnjetsov. Her i Kiev sluttførte Vasnjetsov verket Ivan Tsarevitsj Ridande ein grå ulv og tok til på sitt mest berømte måleri, Bogatyrane.

I 1885 reiste han til Italia. Der arbeidde han med kulissane og kostymane til ei oppsetjing av Nikolaj Rimskij-Korsakov sin opera Snøjenta.

Seinare år (1890-1926)[endre | endre wikiteksten]

Dei påfølgjande to tiåra var produktive for Vasnetsov, men dei fleste av hans seinare måleri vart oppfatta for å vere av annanrangs interesse. I stendig større grad var han oppteken med annan kunst- og kulturproduksjon.

Vasnetsov vart allereie i 1882 hylla for arkitekt-teikningane til ei ny kyrkje i Abramtsevo (1882), utført i fellesskap med Vasilij Polenov. Mot avrundinga av hundreåret forfina Vasnetsov sitt arkitektoniske stempelmerke av russisk renessanse-stil. I 1894 teikna han sitt eige herskapshus i Moskva. Den russiske paviljongen ved verdsutstillinga i Paris følgde så i 1898. Til sist, i 1904, teikna Vasnetsov fasaden til det mest kjende av sine eventyrstil-bygg, Tretjakovgalleriet.

Mellom 1906 og 1911 arbeidde Vasnetsov med å forme mosaikken til Aleksandr Nevskij- katedralen i Warszawa. Han og broren Apollinarij samarbeidde i 1907 om å forme kulissar og kostyme til premieren på ein annan av Rimskij-Korsakovs operaer, Sadko. Og i 1910 fekk han i oppdrag å teikne ei ny uniform til det russiske militære, den såkalla bogatyrka, eit hovudplagg til den russiske armeen.

Toll-frimerke til inntekt for krigsskadde i første verdskrigen, 1914

Vasnetsov fekk i 1912 ein adels-tittel av tsaren, Nikolaj II. To år seinare teikna han eit toll-frimerke som skulle samle inn midlar til krigsskadde i den nyss påbyrja verdskrigen.

Vasnetsov vart som ein styrar av Tretjakov-galleriet, ettersom han overlet ein større del av sine inntekter til museet. Faktisk vart ein større del av kunstsamlinga skaffa gjennom midlar som Vasnjetsov gav institusjonen. Etter oktober-revolusjonen var han ein pådrivar for å flytte ein del religiøse måleri (særleg dei av Aleksandr Ivanov) frå kyrkjene i Moskva til Tretjakov-galleriet.

Han døydde i Moskva.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Viktor Vasnetsov

Kjelder[endre | endre wikiteksten]