Vikunja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vikunja

Status i verda: LC Livskraftig

Vikunja i Argentina. Foto: Rico Hübner
Vikunja i Argentina.
Foto: Rico Hübner

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Artiodactyla
Familie: Camelidæ
Slekt: Vicugna
Vitskapleg namn
Vicugna vicugna

Vikunja (Vicugna vicugna), frå quechua wik'uña gjennom spansk vicuña, er eit kameldyr (Camelidæ) som lever på Altiplano i sørlege Peru, i delar av Bolivia, i nordre Chile og nordvest i Argentina. Største bestanden finn ein i Peru. Saman med guanako er han einaste atterlevande ville kameldyrarten i Sør-Amerika. Han er ein nær slektning av lama og sannsynleg stamform for husdyret alpakka. Vikunja er er avbilda i det peruanske riksvåpenet, og er rekna som nasjonaldyret til Peru.

Arten er hovudsakleg kjend for si fine ull. Kvart individ produserer i gjennomsnitt 200–250 gram av denne, og ho vert omsett til ein kilopris av ca USD 300–500 (i år 2002). Også inkaene verdsette vikunjaen for ullkvaliteten, det var forbode for andre enn herskarane å bere klede av vikunjaull. Både den gongen og i dag er vikunjaen verna av lovverk, men i ein periode gjekk det føre seg mykje ukontrollert krypskyting slik at populasjonen kom ned i ca 10 000 dyr på 1960-talet. Etter det vart det sett inn vernetiltak både i Peru og i Chile slik at bestanden er kome opp mot 200 000, av det ca 120 000 i Peru. Arten er difor ikkje lenger klassifisert som sårbar av Verdas naturvernunion.

Vikunja i dyrehage i Frankfurt.

Artsskildring[endre | endre wikiteksten]

Vikunja er det minste av kameldyra, vaksne dyr har ei kroppslengd på 1,45–1,6 meter, skulderhøgd på 75–85 cm og veg mellom 35 og 65 kilogram. Han har ei meir elegant bygging enn guanakoen, og er noko mindre med litt kortare hovud og lengre øyre. Pelsen har gulbrun farge på ryggen medan hår på hals og bryst er lyst og ganske langt. Dyra er skye, dei kan flykte i ein fart på 47 km pr time i ei høgd på 4 500 moh.

Vikunja i Nevado Tres Cruces nasjonalpark i Chile.

Habitat[endre | endre wikiteksten]

Dette kameldyret lever på skoglaust grasland og på fjellsletter i regionen over ca 3200 moh. I habitatet veks berre næringsfattig gras av fleirårige plantar og grastustar som er harde å beite. Temperaturen varierer mykje i slik høgd frå under frysepunktet om natta til sterk solvarme om dagen. Habitatet må syte for god vasstilgang, dyra krev drikkevatn kvar dag og går sjeldan over to kilometer frå næraste kjelde.

Springande vikunja.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Vi finn vikunja i familiegrupper på 6–10 dyr med eit dominerande hanndyr saman med hodyr og ungdyr. Flokken kviler på ei høgd over beiteområdet. Dei lagar gjødningshaugar på ca 4 meter i diameter. Paringstida er på hausten, fostertida er på rundt 11 månader og kalven diar i opp til 10 månadar. Dyra er kjønnsmodne etter 2 år og kan nå ein levealder på 15–20 år. Unge hanndyr lever i ungkarsflokkar større enn dei vanlege familieflokkane. Naturlege predatorar er puma og andinsk rev (Pseudalopex culpaeus). Kondorar drep nomalt ikkje sjølv, men et åtsel frå daude vikunja.

Utnytting av arten[endre | endre wikiteksten]

I førkolumbisk tid var hausting frå populasjonen særs regulert, det har vore foreslått at så mykje som to millionar dyr levde i Andes med ei utbreiing så langt nord som i Ecuador. Etter at arten vart nær utrydda kom det i gang internasjonale vernetiltak frå 1969. Det vart oppretta eit nett av verneområde etter ein aksjonsplan i dei landa som hadde bestand. På 1980-talet kom det i gang prosjekt for berekraftig hausting av populasjonen i samarbeid mellom mindre lokalsamfunn og styresmakter innanfor verneområde. Eit døme på eit slikt reservat er La Reserva Nacional de Pampa Galeras i Ayacucho-regionen i Peru med eit areal på 6 500 hektar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vikunja

Kjelder[endre | endre wikiteksten]