Vila Nova de Gaia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vila Nova de Gaia
Vila Nova de Gaia sett frå Porto.
Vila Nova de Gaia sett frå Porto.
Flagget til Vila Nova de Gaia Byvåpenet til Vila Nova de Gaia
Flagget til Vila Nova de Gaia Byvåpenet til Vila Nova de Gaia


Plassering
Vila Nova de Gaia is located in Portugal
Styresmakter
Land Portugal Portugal
Region Norte
Distrikt Porto
Borgarmeister Luís Filipe Menezes
Geografi
Flatevidd
 - By

168,7 km²
Innbyggjarar
 - Totalt
   - folketettleik
 - Byområde

299 749
  1 776,8 /km²
178 255
Koordinatar 41°8′″N 8°37′″WKoordinatar: 41°8′″N 8°37′″W
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.cm-gaia.pt

Vila Nova de Gaia eller berre Gaia er ein by i Portugal. Han ligg i distriktet Porto, sør for byen Porto som ligg på andre sida av elva Douro. Sjølve byen har om lag 180 000 innbyggjarar, medan heile kommunen har nesten 290 000 innbyggjarar, og er den folkerikaste kommunen i regionen Norte. Gaia dannar i lag med Porto og tolv andre kommunar storbyområdet Porto.

Han er kjend for oppbevaringsplassane (lokalt kallar «grotter») der den kjende portvinen vert lagra. Desse grottene er i dag ein stor turistattraksjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vila Nova de Gaia eksisterte alt under Romarriket som byen Cale. Han utvikla seg truleg frå ein keltisk landsby (castro) eller ein stad frå steinalderen. Opphavet til namnet Cale (eller Gale) kjem truleg frå den keltiske rota «Gall-» som keltarane sjølv kalla seg og som går igjen i namn som Galicia, Gallia eller Galway. I romartida levde truleg mesteparten av innbyggjarane på sørsida av Douro, og på nordsida var det ein mindre busetnad rundt djuphavshamna som i dag er bydelen Ribeira i Porto. Namnet Porto, i høgmellomalderen Portus Cale, stod for hamna (portus på latinsk) i byen Cale. Etter kvart som handelen tok seg opp langs Douro, som er framkommeleg opp til Régua i innlandet, voks etter kvart Porto seg større enn Cale og vart den viktigaste byen, der bispesete vart lagt og handelsmennene slo seg ned.

maurarane invaderte Den iberiske halvøya700-talet gjekk den eigentlege grensa mellom den islamske staten og den kristne staten ein lang periode langs elva Douro rundt år 1000. Med konstante plyndringstokt og hemntokt vart Cale, eller Gaia, forlatt og dei fleste innbyggjarane søkte tilflukt i Porto.

Etter at området sør for Douro vart gjenerobra etter 1035 slo kolonistar frå områda lenger nord seg ned ved Gaia på grunn av betre føydale avtalar med dei nye landeigarane. Desse innflyttarane grunnla den gamle byen Cale eller Gaia på nytt som Vila Nova de Gaia («den nye byen Gaia») rundt den gamle borga og ruinane av «gamle Gaia».

Namnet på den doble byen Oporto og Gaia vart ofte i dokument frå denne tida kalla Villa de Portucale, og grevskapet Kongedømet Leon og området rundt vart kalla Portucalense. Etter kvart utvida grevskapet seg og fekk sjølvstende. Dette fekk då namnet Kongedømet Portugal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vila Nova de Gaia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!