Vilaine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vilaine
Utspring Bretagne
- Høgd 153 m
Munning Biscayabukta
Land i nedslagsfelt Frankrike Frankrike
Lengd 225 km
Middelvassføring 80 m³/s
Nedslagsfelt 10 882 km²

Vilaine (bretonsk: Gwilen) er ei elv i Bretagne vest i Frankrike. Ho har sitt utspring i departementet Mayenne (53), og munnar ut i Biscayabukta og Atlanterhavet ved Tréhiguier i Morbihan. Ho er 225 km lang, og er knytt til elva Rance via Ille-Rance-kanalen i kommunen Évran.

Elveløpet[endre | endre wikiteksten]

Elva renn gjennom fire departement (Mayenne, Ille-et-Vilaine, Loire-Atlantique og Morbihan) og fire større byar (Rennes, Vitré, Redon og La Roche-Bernard).

Det er bygd tre demninga rundt Vitré for å hindre flaum:

  • 1978 Valière-demingen
  • 1982 Haute-Vilaine-demingen
  • 1995 Villaumur-demingen

Hydrologi[endre | endre wikiteksten]

Elva har ei vassføring mellom 2 og 1 500 m³/s.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Vilaine er ein del av kanalsystemet i Bretagne. Delen frå Rennes til Atlanterhavet er framkomeleg for mindre fartøy. I Rennes er elva forbunde med Canal d'Ille et Rance og i Redon kryssar ho Canal de Nantes à Brest.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Dei største sideelvane til Vilaine er:

Kjelde[endre | endre wikiteksten]