Vilde Frang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vilde Frang Bjærke i 2010.

Vilde Frang Bjærke (fødd 19. august 1986) er ein svært lovande norsk fiolinist frå Oslo.

Vilde Frang starta å spela fiolin fire år gamal, og allereie som tiåring var ho solist saman med Kringkastingsorkesteret. Som tolvåring vart ho med i Oslo-filharmonien, og i 2007 debuterte ho i London Philharmonic Orchestra. Forøvrig har ho spelt med ei lang rekkje europeiske orkester. Ho har studert ved Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo [1], og sommaren 2010 avslutta ho masterstudiet sitt ved Kronberg Academy/ Universitetet i Frankfurt.

Sommaren 2009 debuterte ho som soloartist med cd-en Prokofiev & Sibelius: Violin Concertos. For denne plata vann ho Spellemannprisen 2009 i klassa klassisk. Den neste plata hennar kjem ut våren 2011 og inneheld verk av Edvard Grieg, Béla Bartók og Richard Strauss. Ho vart fyrste mottakar av Arve Tellefsens Musikerpris i 2010, og har også vunne Statoils talentstipend på éin million kroner. [2]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Klæstads legat
  • Leif Jørgensens Minnefond
  • Norsk Tonekunstnersamfunds Ærespris
  • Norsk Musikkforleggerforenings Ærespris
  • Ånun Lund Rejs Minnefond
  • Léonie Sonnings Musikfond 2003
  • Ritter-Stiftung 2007
  • Prins Eugens Kulturpris 2007
  • Borletti-Buitoni Fellowship 2007
  • Den Norske Solistprisen 2008 [3]
  • Dronning Ingrids Hæderslegat 2009
  • Spellemannprisen 2009 for Prokofiev & Sibelius; Violin Concertos
  • Arve Tellefsens Musikerpris 2010 [4]
  • Statoils talentstipend 2010

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipedia om Vilde Frang, henta inn 16. februar 2011.

Referansar[endre | endre wikiteksten]