Vilhelm Bjerknes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Vilhelm Bjerknes
Foto: Christoffer Gade Rude/Nasjonalbiblioteket
Vilhelm Bjerknes (1934)

Vilhelm Friman Koren Bjerknes (14. mars 18629. april 1951) var ein norsk fysikar og meteorolog. Bjerknes vert rekna som grunnleggjar av moderne vêrvarsling. Han var òg grunnleggjaren av Bergensskulen i meteorologi.

Bjerknes var fødd i Christiania og fekk tidleg interesse for væskedynamikk. Ei tid var Bjerknes assistent for far sin, Carl Anton Bjerknes, innan matematisk forsking. I 1890 vart han assistent for Heinrich Hertz og gav viktige bidrag til Hertz sitt arbeid om elektromagnetisk resonans.

I 1895 vart han professor i anvendt mekanikk og matematisk fysikk ved universitetet i Stockholm. Grunnleggjande samanhenger mellom væskedynamikk og termodynamikk vart utforska og forklart. Arbeidet hans inspirerte både Vagn Walfrid Ekman og Carl-Gustav Arvid Rossby til å nytta resultata. Storskala rørsler i verdshava og atmosfæren kunne i større grad kartleggjast. Slik kunne vérvarslinga utviklast meir profesjonelt. Allereie i 1904 såg Bjerknes at forskinga kunne nyttast i vérvarslinga.

I 1907 kom Bjerknes attende til universitetet i Christiania før han vart professor i geofysikk ved universitetet i Leipzig i 1912. I 1917 planla han og organiserte den meteorologiske verksemda på Geofysisk Institutt ved Bergen Museum, som nyleg var grunnlagd av Bjørn Helland-Hansen. I Bergen skreiv han boka On the Dynamics of the Circular Vortex with Applications to the Atmosphere and to Atmospheric Vortex and Wave Motion (1921). Fra 1926 til han gjekk av i 1932 var han professor ved universitetet i Oslo.

Bjerknes gjorde opptak til å etablera Vêrvarslinga på Vestlandet. Frå 1949 var Bjerknes statsstipendiat.

Både på planeten Mars og på Månen er eit krater oppkalla etter Bjerknes.

Meteorologen Jacob Bjerknes (1897-1975) var son av Vilhelm Bjerknes.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]