Viljuj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Viljuj
Stryk i Viljuj
Stryk i Viljuj
Utspring Det sentralsibirske platået
Munning Lena
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 2650 km
Middelvassføring 1480 m³/s
Nedslagsfelt 507 874 km²
Viljuj -

Viljuj (russisk Вилюй) er ei elv i Krasnojarsk kraj i Russland og den største av sideelvane til Lena frå venstre. Elva er 2650 km lang og har eit nedslagsfelt på 507 874 km². Elva har ei middelvassføring på 1480 m³/s og 1450 km oppover frå munningen kan elva nyttast til skipsfart.

Viljuj har kjelde sørvest for busetnaden Ekonda i Krasnojarsk kraj nord på Det sentralsibirske platået. Ho renn søraustover gjennom det store Viljuj-reservoaret, der òg sideelva Tsjona munnar ut. Ho held fram austover gjennom ein brei dal, der det frå nord kjem inn fleire sideelvar. Dei største av desse er Markha og Tjung. Elva renn gjennom byane Njurba og Viljujsk, før ho munnar ut i Lena rundt 350 km nedstraums Lena frå Jakutsk.

Viljuj er kjent for diamantgruvene som ligg langs elva sidan 1950-talet. Det vert òg vunne ut gull, jernmalm og kol i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]