Vilkitskijsundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vilkitskijsundet i Russland.

Vilkitskijsundet (russisk Пролив Вилькицкого, Proliv Vilkitskogo) er eit sund mellom Tajmyrhalvøya og Bolsjevikøya i øygruppa Severnaja Zemlja. Sundet knyt Karahavet i vest til Laptevhavet i aust. Sundet er 104 km lang og er om lag 55 km breitt. Djupna er mellom 32 og 210 meter. Sundet er fylt av drivis året rundt. Vilkitskijsundet vart oppdaga i 1913 av ein russisk hydrografisk ekspedisjon leia av Boris Vilkitskij, og sundet vart kalla opp etter han i 1918.

Heibergøyane ligg ved inngangen til Vilkitskijsundet i aust, medan Firnleyøyane ligg ved inngangen i vest. På kysten av sundet ved Tajmyrhalvøya er landskapet dekt av tundravegetasjon og spreidde steinar. Nordkysten er høgare. Ingen større elvar munnar ut i sundet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]