Vill-lauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vill-lauk


Vill-lauk (Allium oleraceum)Foto: Jean François Gaffard
Vill-lauk (Allium oleraceum)

Foto: Jean François Gaffard

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Liliopsida
Orden: Asparagales
Familie: Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae
Slekt: Allium
Art: A. oleraceum
Vitskapleg namn
Allium oleraceum

Vill-lauk eller villauk (Allium oleraceum) er ei fleirårig laukplante i laukslekta i påskeliljefamilien med opprette skot og kvite, grønlege eller raude blomstrar. Planta er knytt til kalkrik jord på beitemark eller i skog og kratt.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vill-lauk er ei fleirårig, urteaktig plante med ein opprett vekst og eit underjordisk opplagringsorgan, som består av næringsfylte blad, ein lauk. Stengelen er rund, og tilsynelatande er bladbærande. Dei grunnstilte blada dannar nemleg så lange bladhylstre, at det kan sjå ut som om bladplata spring ut frå stengelen. Blada er halvrunde i tverrsnitt, men flate mot spissen. Dei er linjeforma og heilranda med tydelege ribber på undersida. Begge bladsidene er grågrøne og oftast dekt av ei tynn hinne. Blada visner tidleg bort og blir papiraktige. Blomstringa skjer i juli-august. Blomstrane er samla i hovudaktige, endestilte blomsterstandar. Standane er omgitt av to høgblad, og dei består forutan av blomstrar òg av eit større eller mindre tal ynglelaukar. Dei einskilte blomstrane er opprette og seinare nikkande, regelmessige og 3-talige med grønlege, kvite eller raude kronblad. Fruktene er kapslar med nokre få frø. Den underjordiske lauken er danna av ein skiveforma stengel og tett pakka, tjukke og næringsrike blad. Under sjølve lauken er det talrike, grove trevlerøter.

Vill-lauk eller villauk er utbreidd i Kaukasus og det meste av Europa. Arten er knytt til lysopne eller lett skygga voksestader på kalkrik, men næringsfattig, veldrenert jord. Derfor finst den ofte på beitemark og i skog og kratt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vill-lauk