Villa Lorna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Villa Lorna er ein stor gamal sveitsarvilla to kilometer vest for sentrum i Balestrand. Villaen er ein av mange sveitsarvillaer i Balestrand og vart bygd i 1904/05 av den britiske jernbaneingeniøren James Livesey (1831-1924). Byggmeister var A. Korsvoll frå Eivindvik, og huset fekk først namnet Villa Livesey.

James Livesey[endre | endre wikiteksten]

James Livesey var frå Preston i England og var utdanna sivilingeniør. Livesey var kjend som mannen bak store jernbaneprosjekt mellom anna i Spania, Argentina, Peru, USA, India og Egypt. Livesey var 74 år gamal då han fekk skøyte på eigedomen i Balestrand. I 1905 fekk Livesey, som utanlands statsborgar, rett til å ha eigedom i Noreg.

Anna Lorna Bellew[endre | endre wikiteksten]

Anna Lorna Bellew flytta med Livesey frå England til Balestrand og jobba som hushaldar eller selskapsdame. I 1909 gifta ho seg med kunstmålaren Hans Andreas Dahl (1881-1919), son til kunstnaren og keisarvenen Hans Dahl. Dei to budde i England om vintrane og i Balestrand om somrane. Dahl døydde berre 38 år gamal i 1919, og same året førte Livesey eigedomen sin i Balestrand over til Bellew.

Walter Normann[endre | endre wikiteksten]

Anna Lorna Bellew gifta seg på nytt med den tyske ingeniøren Walter Normann. Han var også son av ein kunstnar som heldt til i Balestrand, Eilert Adelsteen Normann.

Arv og auksjon[endre | endre wikiteksten]

Bellew sin son, Eric Anthony Bellew Dahl, og kona Constanse tok over Villa Lorna i 1950. Dei budde i London og var i Balestrand berre om somrane. I 1978 vart eigedommen seld på auksjon til Jenny og Nils Ese. Seinare kjøpte ekteparet Jorun Eithungjerde og Cornelius Echter von der Leyen villaen frå sonen Tage Ese, og budde der saman med borna Unn Christina og Bjørn fram til 2001.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Prenta kjelder
  • Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards - og ættesoge. Bind II. Balestrand 1991.
Digitale kjelder

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]