Villanella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Villanella (fleirtal villanelle — må ikkje forvekslast med den franske verseforma villanelle) er ei form for lett italiensk verdsleg vokalmusikk som dukka opp i Italia like før midten av 1500-talet. Han vart først skapt i Napoli og påverka den seinare canzonettaen og frå der påverka han òg madrigalen.

Temaa er ofte landsens, komisk og ofte satirisk, og ofte manieristisk. Rytmemønsteret til versa i dei tidlege napolitanske formene er vanlegvis abR abR abR ccR. Villanellene vart ein av dei mest populære songformene i Italia rundt midten av 1500-talet.

Tidlege villanellaer (kjend som canzone villanesca) alltid for tre stemmer utan akkompagnement. Den første komponisten av villanellaer var napolitanarane Giovanni Domenico da Nola og Giovan Tomaso di Maio. Andre komponistar var mellom andre Adrian Willaert, Luca Marenzio, Adriano Banchieri og Orlande de Lassus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Villanella» frå Wikipedia på engelsk, den 5. april 2010.
  • Denis Arnold. «Villanella», The New Grove Dictionary of Music and Musicians, ed. Stanley Sadie (London: Macmillan, 1980), xix, 770-773.
  • Gustave Reese, Music in the Renaissance. New York, W.W. Norton & Co., 1954. ISBN 0-393-09530-4
  • The New Harvard Dictionary of Music, ed. Don Randel. Cambridge, Massachusetts, Harvard University Press, 1986. ISBN 0-674-61525-5
  • Donna G. Cardamone, The Canzone Villanesca alla Napolitane and Related Forms, 1537-1570 (Ann Arbor: UMI Research Press, 1981). ISBN 0835711846.
  • Donna G. Cardamone, “The Debut of the Canzone Villanesca alla Napolitana.” Studi Musicali 4 (1975): 65-75.
  • Donna G. Cardamone, “‘Madrigali a Tre et Arie Napolitane’ - a Typographical and Repertorial Study.” Journal of the American Musicological Society 35, no. 3 (1982): 436-481.
  • Concetta Assenza, La canzonetta dal 1570 al 1615 (Lucca: LIM, 1997). ISBN 887096177X.