Villarreal

Koordinatar: 39°56′N 0°6′W / 39.933°N 0.100°W / 39.933; -0.100
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Villarreal
Flagget til Villarreal Byvåpenet til Villarreal
Flagget til Villarreal Byvåpenet til Villarreal


Plassering
Villarreal is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Valencia
Provins Castellón
Grunnlagd 20. februar 1274
Borgarmeister Juan José Rubert Nebot
Geografi
Flatevidd
 - By

55,1 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

50 626
  918,8 /km²
Koordinatar 39°56′N 0°6′W / 39.933°N 0.100°W / 39.933; -0.100
Høgd over havet 42 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 12540
Nettstad: www.ajvila-real.es

Vila-real[1] er ein by i Spania i provinsen provinsen Castelló i Regionen Valencia. Han ligg 7 km sør for provinshovudstaden Castelló de la Plana, 42 meter over havet. Han har kring 50 000 innbyggjarar og er den nest største byen i provinsen og den tiande største i Valencia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

St. Jacques-tårnet

Byen vart grunnlagd i 1274 av kong Jakob I av Aragon (derfor namnet Villareal, «Kongebyen») for å styrkke område då det vart gjenerobra frå muslimane. Han låg strategisk til ved den gamle romarvegen Via Augusta, 65 km nord for byen València og nær byen Borriana, som på den tida var under muslimsk styre. Den opphavlege landsbyen, omgjeve av forsvarsmurar, vart utvida på 1300-talet.

På 1500-talet vart jordbruksområda rundt utvida og utvikla ved at det vart bora brønnar og at tørt land vart omgjort til irrigerte sletter. Dette gjorde det mogeleg å starte kommersiell landbruk på 1600-talet. Byen gjekk inn på den tapande sida i den spanske arvefølgjekrigen. På den andre halvdel av 1700-talet vart dei første industriane oppretta, hovudsakleg innan tekstilindustrien. I denne perioden vart byen involvert i fleire opprør og krigar som råka Spania.

På 1800-talet starta ein dyrking og handel med appelsiner, og dette førte til økonomiske oppgangstider i byen. Etter den spanske borgarkrigen i 1930-åra gjorde inntektene frå appelsinhandelen at ein kunne byggje ein fabrikk som produserte keramikkheller.

Fotballklubben til byen, Villarreal CF, gjorde historie då dei nådde semifinalen i Champions League i 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Villarreal

 «Villarreal». Encyclopædia Britannica (11. utg.). 1911. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Frå 28. februar 2006 vart det einaste offisielel namnet på byen Vila-real; Now Vila-real is not Villarreal