Villsvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Villsvin

Status i verda: LC Livskraftig
Svartelista i Noreg: Svartelista i Noreg Ukjend risiko for lokalt biologisk mangfald

Bache mit Frischlingen 2010.JPG

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Artiodactyla
Familie: Suidae
Slekt: Sus
Vitskapleg namn
Sus scrofa

Villsvinet er eit svin som lever vilt i størsteparten av Europa og Asia, og delar av Nord-Afrika. Det liknar på sin etterkommar grisen, men dei er meir hårete og mindre feite. I Noreg førekjem dei berre som streifdyr frå forvilla svenske bestandar, og jakt på dei er tillete heile året.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Villsvinet er tett bygd med korte bein og eit stort hovud. Vinterpelsen er tjukk, og dekker heile kroppen unnteke delar av hovudet og beina. Fargen varierer både med utbreiingsområdet, men er som regel mørk grå til brun. Om våren skiftar dei til den mykje tynnare sommarpelsen over ei periode på tre månadar, før vinterpelsen nesten umiddelbart tek til å veksa ut att. Ungane har lyse, langsgåande striper.

Dei heilt yngste villsvina har lyse striper på sidene.

Hovudet er avlangt, med hjørnetenner omdanna til karakteristiske støyttenner. Desse krummar seg og vert som regel ikkje lengre enn 20 cm hjå hannar, men eksemplar med 30 cm lange støyttenner er heller ikkje uvanleg.

Storleiken til villsvina varierer mykje med kvar bestanden heldt til. Dei nordlegaste villsvina er vanlegvis tyngre og meir kompakt bygde enn dei heilt sørlege. I Sentral-Europa er hoene vanlegvis 130 til 140 cm lange og veg mellom 55 og 70 kg, medan hannane er 140 til 150 cm lange og veg mellom 80 og 90 kg.

Villsvin i Kaukasus og områda rundt vert langt større. Her kan hannar bli så mykje som to meter lange og 200 kg tunge. Tidlegare russiske bestandar har oppnådd kroppsvekter oppe i godt over 300 kg, men desse har vorte overbeskatta ved jakt og rydda ut.

Det største villsvinet kjend i moderne tid var Hogzilla, ein villsvin/tamgris-hybrid som levde i Georgia i USA og var så mykje som 2,3 meter lang med ei vekt på 360 kg. Hoggtennene vart begge målt til over 40 cm.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Som ein forstår av det store utbreiingsområdet, er villsvinet særs tilpassingsdyktig. Dei harde hjørnetennene gjer det mogleg for dei å finna mat i jorda på stader der dei fleste andre dyr kjem til kort; noko som riktignok avgrensar utbreiingsområdet deira i nord, der bakken frys om vinteren, men som likevel har ført til at dei trivst i ei rekkje ulike økosystem.

Villsvina trivst godt i fuktige omgjevnader.

Ein finn dei difor i mange ulike slag økosystem; frå dampande regnskog via tørr barskog til forstadar i tyske byar. I mai 2003 blei det skote to vaksne eksemplar på Alexanderplatz i Berlin.

I tropiske og subtropiske habitat tilpassar villsvinet seg klimaet ved å redusera pelsen og underhudsfeittlaget. Her er dei meir avhengige av vatn enn andre stadar, og er difor ikkje å finna i ørkenstrok eller andre tørre område.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Villsvin lever i mor/born-familier, i harem eller i ungdomsgrupper. Eldre hannar lever oftast åleine. Den vanlegaste familieorganiseringsmodellen er den med ei mor og det yngste kullet hennar; stundom òg nokre av dei nest yngste. Desse smågruppene bryt opp når mattilfanget i eit område vert for knapt til å brødfø heile gruppa.

Hannar vert jaga vekk av mor si når dei vert kjønnsmogne. Då dannar dei ungdomsgrupper kor dei lever i lag i vanlegvis minst eitt år. Vidare løyser gruppa seg opp, og dei einskilde hannane går til kvar sine mor/born-grupper. Her følgjer dei mora i gruppa eit bel utan nokonsinne å bli heilt fullverdige medlemmar av gruppa.

Paringstida er om vinteren. Ungane vert fødd knappe fire månadar etter paringa, og heldt seg saman med mora på staden dei er fødd i tre veker. Mora er særs hissig på å forsvare avkommet sitt, og vik ikkje attende for å gå til åtak på menneske.

Villsvinmor med to ungar

Villsvin i mytologi og religion[endre | endre wikiteksten]

I gresk mytologi er det to villsvin som særleg utmerker seg: det Erymantiske villsvinet Herakles jakta på som èin av dei tolv bragdane sine, og det Calydoniske villsvinet som vart nedkjempa av eit jaktlag beståande av dei fleste store greske heltane.

Norrøn mytologi nemner villsvin først og fremst i samband med fruktbarheitsgudane Frøy og Frøya. Dette søskenparet har begge kvart sitt svin å ri på, høvesvis Gullinbuste og Hildesvini.

Vahara er den tredje inkarnasjonen til guden Vishnu i Hinduismen.

I Hinduismen er den tredje avataren til Vishnu eit villsvin ved namn Varaha

I Keltisk mytologi er villsvinet eit heilagt dyr, vigd til gudinna Arduinna. Mange keltiske og irske segner fortel om jakt på desse dyra; m.a. historia om korleis Fionn mac Cumhaill dreiv rivalen sin Diarmuid Ua Duibhne i døden.

På det andre persiske rikets tid vart villsvina respektert som modige og fryktlause krigarar. Adjektivet «Boraz» eller «Goraz», som tydde «villsvin», vart stundom brukt som tilnamn til store hærmenn og stridskjemper. Namnet til hærføraren Shahrbaraz (som m.a. erobra Egypt) er sett saman av orda «shar» (rike) og «boraz», og tyder «kongedømmet sitt villsvin».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]