Vina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vina (tamil வீணை vīṇai) er eit sør-indisk klimpreinstrument med fire spelestrenger av messing og tre resonansstrenger. Gripebrettet har 24 metalltverrband som er festa til sjølve gripebrettet med voks. Vinaen har vanlegvis to resonanskassar — hovudresonanskassen er av tre med halvkuleform, og ein resonanskalebass finst ved overgangen mellom halsen og hovudet på vinaen. Vinaen blir halden vassrett på fanget av den som spelar. Dette instrumentet blir særleg bruka i karnatisk musikk.

Innhaldsliste

Namnet vina[endre]

Vina var tidlegare eit omgrep som dekka alle karnatiske strengeinstrument, og blir framleis brukt om andre instrument enn vinaen som er skildra her. Til dømes kjenner me til dhanurvina, eit rundvore strykeinstrument frå tidlegare tider, rudravina, eit plukkeinstrument med to resonnanskassar laga av graskar som framleis er i bruk, og nyskapte instrument som hamsavina med 22 strenger (5 hovudstrenger, 13 tilleggstrenger og 4 resonnansestrenger) eller den gitaraktige mohanvinaen.

Gudinna Sarasvati med vina.
Foto: Christina Kundu

For å skilja vinaen frå andre vinatypar blir han derfor stundom kalla sarasvativina. Instrumentet er nemleg eit symbol for og svært nært forbunde med Sarasvati, som er hindugudinne for mellom anna musikk.

Anna[endre]

Heltinna i ei av bøkene til Salman Rushdie, The Ground Beneath her Feet, tek artistnamnet Vina Apsara.

Vidkjende vinaspelarar[endre]

Bakgrunnsstoff[endre]