Vincent Enyeama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vincent Enyeama
Personleg informasjon
Namn Vincent Enyeama
Fødselsdato 29. august 1982
Fødestad Kabunia i Nigeria
Høgd 180 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Spelar for Lille
Draktnummer 16
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1999-2000
2001-04
2005

2005-07
2007-11
2011-
Nigeria Ibom Stars
Nigeria Enyimba
Nigeria Iwuanyanwu Nationale
Israel Bnei Yehuda
Israel Hapoel Tel Aviv
Frankrike Lille
56 (1)
100 (10)

36 (0)
56 (0)
113 (8)
Landslag
2002- Nigeria Nigeria 58 (1)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

Vincent Enyeama (fødd 29. august 1982 i Kabunia) er ein nigeriansk fotballspelar som spelar som keeper for Lille i fransk Ligue 1, og for det nigerianske landslaget.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Enyeama spelte fire sesongar for Enyimba i nigeriansk premier league, der han var med å vinna den afrikanske meisterligaen i 2003 og 2004. I 2005 vart han kjøpt av den israelske klubben Bnei Yehuda frå Tel Aviv. I den første sesongen hans hjå dei kom laget på fjerde plass i den israelske ligaen og kvalifiserte seg dermed til UEFA-cupen. I 2007 gjekk han over til den andre Tel Aviv-klubben Hapoel Tel Aviv. I 2009 vart han kåra til årets spelar i Israel.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Enyeama vart teken med i troppen til fotball-VM i 2002 som reservekeeper. Han spelte éin kamp i turneringa, då han heldt buret reint mot England. Etter VM i 2002 tok han over som Nigeria sin førstekeeper etter Ike Shorunmu, og stod i mål for Nigeria under Afrikameisterskapen i 2004, 2006, 2008 og 2010. I kvartfinalen under Afrikameisterskapen i 2010 mot Zambia vart han Nigeria sin helt, då kampen enda 0-0 og gjekk til straffesparkkonkurranse. Han redda ei straffe, før han sjølv skåra på den femte og avgjerande straffa, slik at Nigeria gjekk vidare til semifinalen.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Zambia 0-0 Nigeria (Nigeria win 5-4 on penalties)». BBC Sport. 2010-01-25. http://news.bbc.co.uk/sport2/hi/football/africa/8477701.stm. Henta 26. januar 2010. 


Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 13. mars 2010.