Vincent Lerche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vincent Lerche

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. september 1837
Tønsberg
Død

28. desember 1892 (55 år)
Düsseldorf

Yrke skribent, kunstmålar, illustratør, teikneserieskapar
Born Hans Stoltenberg-Lerche
Vincent Lerche på Commons
Oldsaksgranskeren, 1865

Vincent Stoltenberg Lerche (5. september 183728. desember 1892) var ein norsk kunstmålar. Hans beste måleri er interiørbilete frå kyrkjer og kloster, men mest kjend vart han for sine humoristiske bilete frå klostermiljø.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lerche var fødd i Tønsberg. Frå 1857 fekk han målarutdanning i Düsseldorf. Mellom anna lærte han av landsmannen Hans Gude, noko som kan sporast i hans akvarellar. Han la ut på to studiereiser i Noreg, den fyrste i 1864 gjekk til byar i Sør-Noreg der han konsentrerte seg om å lage skisser av eldre kyrkjer. Ni år seinare reiste han langs kysten like til Vadsø.

Lerche var framand for dei nasjonale målsettingane som mange av hans eldre kunstnarkollegaer fremja. Ideologisk og tematisk var han del av den samtidige tysk kunsten som såg på den borgarlege livsverda med både romantiske og ironiske blikk.

Lerche budde i Düsseldorf frå 1872 og livet ut.

Bokverk[endre | endre wikiteksten]

  • Med Blyanten, løse blade af en malers skizzebøger, 2 bd. 1873–1874
  • Små billeder for store børn, 2 bd., 1876–79
  • Fra det gamle hjørneskab. Skisser fra en smaaby i firtiaarene, 1893

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vincent Lerche