Vindafjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For kommunen Vindafjord sjå Vindafjord.
Vindafjorden er ein 31 km lang fjord i Ryfylke nord i Rogaland. Fjorden skjer seg nordover i landet frå Nedstrandfjorden og Boknafjorden. Vindafjorden er ein del av av den krossforma Krossfjorden og utgjer den sørlege og den austlege armen av denne. Den sørlege delen av fjorden dannar grensa mellom Tysvær i vest og Suldal kommune i aust. Midt i «krysset» møter desse kommunegrensa til Vindafjord og den austlege delen av fjorden dannar kommunegrensa mellom Vindafjord og Suldal.
På austsida av innlaupet ligg Hebnes og på vestsida ligg Nedstrand. Fjorden går så om lag 12 km rett nordover før han svingar 90° grader mot aust. Fjorden som går mot vest heiter Yrkefjorden og fjorden som held fram nordover heiter Sandeidfjorden. Riksveg 46 går på nordsida av den inste delen av Vindafjorden. Inst inne i fjorden er det er berre eit smalt eide som skil Vindafjorden frå Sandsfjorden, litt mindre enn 500 meter på det smalaste. På hi sida av eidet ligg Ropeid.
I den sørlege delen av Vindafjorden ligg det berre små busetnader langs austsida i Suldal, medan vestsida i Tysvær stort sett er for bratt til at det er busetnader her. I delen av Vindafjorden som går mot aust er det stort sett på nordsida i Vindafjord at ein finn busetnader. På sørsida i Suldal finn ein berre bygda Finnvik. På nordsida ligg grenda Hogganvik, bygda Imsland og Kvaløyna. Rett utafor Kvaløyna ligg Storøyna som er 1,7 km lang og 600 meter brei. Lenger aust ligg grenda Skipavåg. Den inste delen av Vindafjorden heiter Sørvika, og frå Sørvika og over eidet til Ropeidvika i Sandsfjorden. er det berre om lag 500 meter.

