Vindauge i geologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Figur over eit forkastingsystem. Den hengande blokka vert kalla eit dekke. Om eit erosjonshol vert skapt i dekket, vert dette kalla eit vindauge.

Eit vindauge i geologi er eit avgrensa område der erosjonen har blottlagt djupareliggande bergarter under yngre eller overskyvde einingar. Eit grunnfjellsvindauge er til dømes eit område der grunnfjellet er blottlagt og omgjeve av yngre avleiringar eller overskyvde lag.

I Noreg finst eit godt døme ved Atnasjøvindauget. Det er eit grunnfjellsområde på ca 20 × 30 km omgjeve av overskyvde sparagmittiske bergarter på alle sider. Ei rekkje liknande, små og store slike tektoniske grunnfjellsvindauge ligg under dei kaledonske skyvedekka langs to nestan parallelle soner gjennom fjellkjeden mellom Vestlandet og Finnmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]