Vindfløy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vêrhane og bjølle på taket av Saint-Étienne-katedralen i Bourges i Frankrike

Vindfløy er ei innretning som viser vindretning. Ho består gjerne av ein usymmetrisk konstruksjon som kan dreie om ein vertikal akse gjennom tyngdepunktet. Den delen som gjev størst luftmotstand vil pressast mot le. Til hjelp for retningsbedømminga er fløystonga òg ofte utstyrt med ein retningskross som syner nord, sør, aust og vest. På vêrstasjonar, særleg på flyplassar, kan fløyene som regel fjernavlesast. Fløya har ofte straumlinjeformer, stundom som ein hane (vêrhane) eller fiske. På meteorologiske stasjoner nyttar ein gjerne fløyer med plogform.

For seglskip i hamn var vindretninga avgjerande for segling ut av hamna. Derfor var det i seglskutetida ei mast med vindfløy, plassert høgt i terrenget og godt synleg frå hamna. Fleire slike er bevarte, mellom anna i Mandal og Skudeneshavn. Stadnamn fortel òg om plasseringa av vindfløyer i eldre tid, som Fløyen i Bergen, Fløya i Kristiansund, Fløyheia i Arendal og liknande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]