Vindskjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vindskjer er skilnad i vindstyrke og/eller vindretning mellom to punkt i atmosfæren. Om skilnaden er med høgda kallar ein det «vertikalt vindskjer», og om det er mellom to horisontale punkt kallar ein det «horisontalt vindskjer».

Vindskjer kan ha innverknad på farten til eit fly i forhold til lufta i samband med letting og landing, og dette kan av og til ha katastrofale følgjer. Mange flyulykker har hatt samanheng med vindskjer. Vindskjer kan òg påverke kor kraftig eit torevêr kan bli, men motverkar utviklinga av tropiske syklonar. Turbulens er ein effekt som ofte oppstår i samband med vindskjer.

Vêrsituasjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein kan få vindskjer i ymse vêrsituasjonar.

  • Vêrfrontar. Ein kan få kraftig vindskjer når temperaturskilnaden på tvers av fronten er 5°C eller meir og fronten flyttar seg framover med ein fart på 25-30 km/t. Sidan frontar er tredimensjonale fenomen, kan vindskjer i samband med frontar oppstå kor som helst mellom bakken og tropopausen.
  • Når ein luftstraum blir hindra. Når vind bles over eit fjell eller ei fjellkjede kan ein få eit vertikalt vindskjer på lesida av fjellet.
  • Temperaturinversjonar. På kalde og klåre netter kan det oppstå ein temperaturinversjon på grunn av varmeutstråling frå bakken. I slike tilfelle vil ikkje friksjon påverke vinden over toppen av inversjonen. Endring i vindretning kan bli så mykje som 90 grader og vindstyrke så mykje som 20 m/s.

Effekt på forplanting av lyd[endre | endre wikiteksten]

Vertikalt vindskjer kan påverke forplanting av lyd i den lågare atmosfæren ved at lydbølgjer blir «bøygd» ved refraksjon. Denne effekten er viktig å forstå når ein skal byggje lydisolerande veggar som skal verne mot bil- og flytrafikk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]