Vingan

Koordinatar: 64°20′57.916″N 10°31′34.594″E / 64.34942111°N 10.52627611°E / 64.34942111; 10.52627611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

64°20′57.916″N 10°31′34.594″E / 64.34942111°N 10.52627611°E / 64.34942111; 10.52627611 Vingan er ein fjord i Osen kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 6,5 km søraustover til Urddalen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp sør for Fårøya i nord. Det ligg ingen busetnader eller vegsamband langs fjorden. Fjordsidene er forholdsvis bratte og høge med Vingheia (303 moh) på vestsida og Langstrandheia (364 moh), Nasen (284 moh) og Helvikkeipen (320 moh) på austsida.