Vinjefjorden på Nordmøre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vinjeøra inst i Vinjefjorden

Vinjefjorden er ein smal og lang fjord som strekkjer seg frå Hemne i Sør-Trøndelag til Aursundet og Valsøyfjorden i Aure og Halsa i Møre og Romsdal. Europaveg 39 går langs heile sørsida av fjorden, medan Fylkesveg 359 går langs delar av nordsida.

Vinjefjorden strekkjer seg offisielt frå Vinjeøra i aust og heilt til Kristiansund i vest, men på grunn av sunda Aursundet, Imarsundet og Sålåsundet i nord og sidefjordane Valsøyfjorden, Skålvikfjorden og Halsafjorden i sør, vert han stundom berre rekna for å strekkje seg til Aursundet. Korsnesfjorden er namnet på fjorden sør for Stabblandet, medan Arasvikfjorden ligg på sørsida av Ertvågsøya.

Vinjefjorden aust for Arasvikfjorden er 25 km lang og er på det djupaste 224 m djup. Heile Vinjefjorden frå Talgsjøen i aust er 53 km lang og rundt 320 m djup på det djupaste.

Vinjefjorden er kjent som ein «sildefjord» men det vert òg fiska laks, sei og torsk helt oppe i 20 kg. Den 30. august 2005 rømde vel 850 000 oppdrettslaks frå Marine HarvestTustna og mykje av den fisken som rømde tok vegen til Vinjefjorden. Dermed vart fjorden full av laks og lokalbefolkninga hamstra fleire hundre kilo laks [1].

På nordsida av den indre delen av fjorden strekkjer den lengste samanhengande hasselskogen i Nord-Europa seg oppetter fjellsida.

Referanse[endre | endre wikiteksten]

  1. Hovden, Fjordene koker av rømt oppdrettslaks, Søvesten, 15/8-2007. (lenka 15/10-2007).