Vinjestova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°22′40.6″N 8°18′1.8″E / 61.377944°N 8.300500°E / 61.377944; 8.300500 Vinjestova er ei hytte i Vang kommune i Oppland, like ved Eidsbugarden ved vestenden av Bygdin i Jotunheimen. Hytta vart bygd av Aasmund Olavsson Vinje og Ernst Sars saman med to andre i 1868 og var den fyrste hytta i Jotunheimen.

Hytta har seinare vorte teken over av Thomas J. Heftye, som brukte ho som turiststasjon. Vinjestova høyrer nå til Eidsbugarden og blir brukt som museum. Ved bryggja til hotellet vart det ved 100-årsjubileet til Vinjestova avduka ein portrettbyste av Vinje. Bysten vart modellert av Ståle Kyllingstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Vinjestova» i Store norske leksikon, snl.no.