Vinkekrabbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vinkekrabbe


Vinkekrabben Uca arcuata
Vinkekrabben Uca arcuata

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Crustacea
Klasse: Malacostraca
Orden: Decapoda
Infraorden: Brachyura
Familie: Ocypodidae
Slekt: Uca
Vitskapleg namn
Uca

Vinkekrabbar (Uca) er ei slekt tropiske krabbar som finst langs dei fleste kontinentalkystar frå Middelhavet og sørover. Hannar av slekta er lette å kjenne att på dei asymmetriske klørne: den ein kloa er enormt forstørra i høve til den andre, og opptek ofte mellom ein tredel og halvparten av kroppsmassen til dyret. Desse kjempeklørne har gjeve dyra namnet sitt; dei «vinkar» med klørne både under kurtise og territorialkampar.

Det finst 97 artar vinkekrabbe fordelt på ni underslekter.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Vinkekrabbane er ganske små krabbar, som regel med ein skaldiameter på 2-4,5 cm. Hannen sin klo utgjer ein stor del av kroppen, og kan nå storleikar på opptil 5 cm. Fargen på dyret kan vera brun, blågrøn, turkis, svart, gul eller oransje, og er vanlegvis mørkare om natta enn om dagen.

Levesett og miljø[endre | endre wikiteksten]

Vinkekrabbane heldt til på strender og i mangroveskog i tidvassområdet, og er hovudsakleg aktive ved lågvatn. Ved høgvatn ligg dei gøymd i opptil 60 cm djupe, luftfylte holer som dei grev ut sjølv. Ein krabbe går aldri langt frå hola si. Sjølv om dei tydelegvis føretrekk tørt å opphalda seg i luft, pustar dei med gjeller som dei treng å halda fuktige.

Vinkekrabbar et hovudsakleg sand og slam, som dei filtrerer næringsrike mikroorganismar (m.a. alger, sopp, detritus) ut av. Dei nyttar dei korte klørne til å skuffa sanda og slammet inn i munnen. Sidan dei enorme klørne til hannane ikkje passar til dette, brukar dei dobbelt så mykje tid på å ta til seg føde som det hoene gjer. Når sanda er tømd for næring, spyttar dei ho ut att i form av ein liten ball.

Det er under kurtisen dei store klørne hovudsakleg vert brukt. Då vinkar hannane med dei høgt i lufta, og dunkar dei i bakken. Det hender òg at hannar slost med kvarandre, noko ein trur er for å imponera hoer. Om ein hann mistar den store kloa si, vil den minste ta til å veksa, og ei ny eteklo vil veksa ut der den store sat. I det minste hjå nokre artar må klørne veksa i samband med skalskifte.

Hoa ber dei befrukta egga på undersida av kroppen. Medan dei utviklar seg, forlet ho ikkje hola på to veker. Når denne tida er over, slepp ho egga ut i vatnet, der dei tek til å leva planktonisk. Etter to veker kryp dei opp på land att. Vinkekrabbar lever sjeldan meir enn to år, i fangenskap opp til tre.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fiddlecrab.info