Vinlaging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vinlaging eller vinifikasjon er arbeidet med å omdanna druer til vin.

Vinifikasjon av raudvin[endre | endre wikiteksten]

Italiensk druepresse til å laga vin.

Druene vert hausta, og frakta forsiktig til produksjonslokalet. Dersom druene sprekker på vegen, kan dei byrja å gjæra med gjæren som allereie bur på drueskalet, og den ukontrollerte gjæringa kan få konsekvensar for vinen. Druer til raudvin vert ofte hausta tidleg, medan druene endå ikkje har vortne so søte. Deretter vert druene pressa. Kor lenge vinen gjærar varierer mykje frå vin til vin. I maserasjonen trekker vinen ut tannin og smaksstoff frå kjerner og stilkar, og farge frå skalet. Korleis vinen vert lagra, avhenger av korleis vinlagar ynskjer vinen sin. Det er vanleg å lagra vinen på eikefat. Vinen trekker til seg vanilin frå fata, fata lek litt luft som gjer at vinen oksiderer litt, og alkoholprosenten vert mindre. Kor stor innverknad dette får på den ferdige vinen avhenger av kor lenge vinen ligg på fat. Fordi fata etter kvart vert metta, kan fata bytast ut etter ei stund for å auka effekten. Etter ferdig lagring på fat, vert vinen tappa på flasker.

Ein vingård.

Vinifikasjon av kvitvin[endre | endre wikiteksten]

Druer til kvitvin vert ofte hausta seint, når druene er på det søtaste. Somme vinlagarar lèt druene henga på stokken til etter første frostnatta. Dette gjer druene endå søtare. Ein annan måte å få druene søtare er ved hjelp av edel rote. Ein muggsopp, gråskimmel eller Botrytis cinerea, går til åtak på druene og lagar hol i skalet. Dette gjer at noko av væska i druene fordampar, og dermed vert druene både søtare og sterkare på smak. Gjæringstida varierer. Kvitvinen vert sjeldan maserert, då ein gjerne ikkje vil ha kvitvinen so bitter og raud som raudvinen. Kvitvin har i regelen kortare lagringstid enn raudvin.

Spire Denne drikkeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.