Vinson Plateau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vinson Plateau
fjell
Kart over Vinson Massif
Land  Antarktis
Fjellkjede Sentinel Range
Topp Ellsworth Land
 - koordinatar 78°32′S 85°35′W / 78.533°S 85.583°W / -78.533; -85.583
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Vinson Plateau
78°32′00″S 85°35′00″W / 78.5333°S 85.5833°W / -78.5333; -85.5833
Vinson Plateau is located in Antarktis
Vinson Plateau (Antarktis)

Vinson Plateau er det høgaste platået i Vinson Massif i Sentinel Range i Ellsworth Mountains i Antarktis. Det strekkjer seg 9 km mellom Goodge Col og Hammer Col og knyter saman nordre delar av dei sentrale Sentinel Range til Craddock Massif i sør-søraust. Det er 4,5 km breitt mellom Branscomb Peak og Silverstein Peak i vest og Schoening Peak og Marts Peak i aust. Høgda på platået er frå 4000 til 4600 meter over havet. På platået ligg Mount Vinson (4892 moh.), det høgaste fjellet i Antarktis, og fleire andre fjelltoppar på over 4700 meter over havet. Dei fleste av desse toppane har derimot låg skardhøgd: Clinch Peak (4841 moh.), Corbet Peak (4822 moh.), Silverstein Peak (4790 moh.), Schoening Peak (4743 moh.) og Hollister Peak (4729 moh.). Den sentrale delen av platået vert drenert av Rochébreen og ein sidebre i Jacobsen Valley, som begge møter Branscombbreen.

Platået er kalla opp etter Vinson Massif, til ære for den amerikanske statsmannen Carl Vinson (1883-1981).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]