Vinter-OL 1988

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei 15. olympiske vinterleikane
Deltakande nasjonar 49
Deltakarar 1423 (1122 menn, 301 kvinner)
Øvingar 46 i 6 idrettsgreiner
Opningsseremoni 13. februar 1988
Avslutningsseremoni 28. februar 1988
Offisielt opna av Jeanne Sauvé
Norsk flaggbærar Oddvar Brå

Vinter-OL 1988 vart helde i Calgary i Canada. Sovjetunionen vart beste nasjon med 11 gull. Noreg tok heim 3 sølv- og 2 bronsemedaljar, men for fyrste gong i vinterleikane si historie vart det ingen norske gullmedaljar. Difor vert vinterleikane i Calgary dei dårlegaste i Noregs historie, og dei kandadiske resultata på heimebane var òg dårlege.

Norsk flaggberar under opningsseremonien var Oddvar Brå, som deltok på ski.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Calgary prøvde først å få arrangere Vinter-OL i 1964, og igjen i 1968, men tapte begge gonger. Andre bud for å arrangere Vinter-OL i 1988 var Cortina d'Ampezzo i Italia, og Falun i Sverige. 30. september 1981 hadde Calgary sitt bud slått både Cortina d'Ampezzo og Falun, i høvesvis fyrste og andre runde.

Med den økonomiske fiaskoen frå Vinter-OL 1976 i Montreal, var fleire skeptiske til eit nytt Canada-OL, men da leikane var omme, hadde heile arrangementet gått i pluss, noko som framleis er unikt i olympisk samanheng.

Medaljestatistikk[endre | endre wikiteksten]

Dei beste nasjonane Olympic rings with white rims.svg
Plass Nasjon Gull Sølv Bronse Totalt
1 Sovjetunionen Sovjetunionen 11 9 9 29
2 Den tyske demokratiske republikken DDR 9 10 6 25
3 Sveits Sveits 5 5 5 15
4 Finland Finland 4 0 3 7
5 Sverige Sverige 4 0 2 6
6 Austerrike Austerrike 3 5 2 10
8 Nederland Nederland 3 2 2 7
8 Vest-Tyskland Vest-Tyskland 2 4 2 8
9 Dei forente statar USA 2 1 3 6
10 Italia Italia 2 1 2 5
Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.