Vintgar

Koordinatar: 46°23′24″N 14°04′59″E / 46.390°N 14.083°E / 46.390; 14.083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radovnaelva renn gjennom Vintgar

Vintgar eller Blejski Vintgar er ei 1,6 km lang kløft nær Zgornje Gorje i Slovenia, fire kilometer nordvest for Bled. Ho er grave ut av elva Radovna og har bratte veggar som er 50 til 100 meter høge og eit totalt fall på om lag 250 meter. Elva har danna mange små basseng og stryk, og endar i den vakre 13 meter høge fossen Šum.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kløfta vart oppdaga i 1891 av Jakob Žumer og Benedikt Lergetporer, og vart raskt utstyrt med stiar og bruer som opna for publikum 26. august 1893. Stiane har sidan vorte renovert fleire gongar. Det er òg bygd eit vasskraftverk i kløfta og ei jernbanebru langs linja Jesenice-Most na Soči kryssar ho. Likevel trekk Vintgar til seg mange turstar i dag.

Stryk i øvre Vintgar

Som den første kløft tilpassa turistar i området, har ordet «vintgar» gått inn slovensk språk som namn på eit vakkert stykke langs ei elv.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Før den siste istida rann elva Radovna austover. Etter at ho vart demd opp av isen, grov ho seg eit nytt elvefar nordaustover gjennom eit mjukt lag av kalkstein frå trias mellom fjella Poljana (884 m) og Hom (844 m), mot Øvre Savadalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

46°23′24″N 14°04′59″E / 46.390°N 14.083°E / 46.390; 14.083