Viola d’amore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Viola d'amore)
Viola d’amore

Klassifiseringgambefamilien, barokkinstrument
Hornbostel-Sachs klassifisering321.322-71
Fransk viole d'amour (Paris 1760)

Viola d'amore (frå italiensk), òg kalla viole d'amour (frå fransk), er eit strykeinstrument med 6–7 vanlege strenger og oftast òg 7–14 resonansstrenger med ein del fellestrekk med gambefamilien på den eine sida og fiolinfamilien på den andre.

Særtrekk ved instrumentet[endre | endre wikiteksten]

Fellestrekk med gambefamilien[endre | endre wikiteksten]

Fellestrekk med gambefamilien er den flate klangbotnen og den «lutaksla» overgangen mellom kroppen og halsen. Av meir kosmetiske fellestrekk kan nemnast det utskorne hovudet over stemmeskruane.

Fellestrekk med fiolinfamilien[endre | endre wikiteksten]

Fellestrekk med fiolinfamilien er mangelen av tverrbandgripebrettet og spelemåten — med instrumentet vassrett mot kragebeinet eller halsen på musikaren. Storleiken av ein viola d'amore svarar om lag til ein bratsj.

Strenger[endre | endre wikiteksten]

Vanlege strenger og resonansstrenger[endre | endre wikiteksten]

Fremst: viola d'amore frå midten av 1700-talet. (Frå samlingane åt Kongressbiblioteket i USA.)

Viola d'amore har vanlegvis sju vanlege strenger, men seks strenger er ikkje uvanleg. Dei aller tidlegaste instrumenta frå 1600-talet har vanlegvis ikkje resonansstrenger, og dei vanlege strengene er av metall. 1700-talsinstrumenta har vanlegvis tarmstrenger, og det er i tillegg gjerne sju til fjorten resonansstrenger. Ein reknar med at resonansstrengene på viola d'amore er ei direkte kjelde til resonansstrengene på hardingfela, men det bør ikkje gløymast at det òg fanst vanlege fiolinar med resonansstrenger på kontinentet kring år 1700.

Stemming[endre | endre wikiteksten]

Det finst ikkje noka standardstemming for instrumentet, men instrumentet blir stemt i tersar, kvartar og kvintar ut frå kva toneart ein spelar i og kva spesielle effektar ein ønskjer å få fram. Den mørkaste strengen er oftast stemt d og den lysaste strengen er oftast stemt d".

På grunn av ein kombinasjon av lett strengetrykk på dei vanlege strengene og klangen frå resonansstrengene har viola d'amoren ei utprega mjuk og overtonerik klang. Leopold Mozart skreiv i Versuch einer gründlichen Violinschule, at dette instrumentet kling «særleg sjarmerande i stilla om aftanen.»

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Barokken[endre | endre wikiteksten]

Viola d'amore var særleg mykje bruka sist på 1600-talet, sjølv om det til og med på den tida var lite sannsynleg å finne musikarar som hadde spesialisert seg berre på dette instrumentet. dei fleste viola d'amore-spelarane spela det truleg som ei bigrein av eit anna instrument — på liknande vis som våre dagars musikarar gjerne kombinerer tverrfløyte og pikkolofløyte eller obo og engelsk horn.

Lite bruka på 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Seinare gjekk instrumentet stort sett or bruk, sjølv om det finst isolerte eksempel på bruk av instrumentet på 1800-talet.

Renessanse for viola d'amore på 1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1900-talet vart det noko interesse for viola d'amore att, og bratsjistane Henri Casadeus og Paul Hindemith spela begge viola d'amore først på århundret. Filmkomponisten Bernard Herrmann bruka viola d'amore i fleire verk. Leoš Janáček bruka òg dette instrumentet i operaen Káťa Kabanová, der viola d'amoren representerer tittelkarakteren.

Tidleg musikk-rørsla[endre | endre wikiteksten]

Instrumentet er òg bruka i musikkensemble som spesialiserer seg i historisk nøyaktig framføring av barokkmusikk, slik som til dømes ensemblet Tafelmusik.

Repertoar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]