Viracocha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Can Tici Viracocha (quechua Kun Tiqsi Wiraqucha) òg skriven Con-Tiki Viracocha, var ein «solgud», skaparen av sivilisasjonen og ein av dei viktigaste guddommane i religionen til inkaene.

Etter legenda fekk han ein son, Inti, og ei dotter Mama Quilla. I legenda øydela Viracocha folket rundt Titicaca med ei flod der to menneske overlevde for å bere sivilisasjonen til resten av verda. I ei anna legende var han far til de første åtte siviliserte menneske. I somme soger hadde han òg kona Mama Cocha.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Tiqsi i quechua tyder grunnlag eller base, medan wira tyder feitt som tydde energikjelde hos inkaane. Adjektiva kun og qucha/kucha tyder noko slikt som stor, allvetande, kraftfull etc.

Vira Cocha kan òg omsetjast til «skum på havet» eller «havets skum» som kan ymte om at namnet kjem av at andletet til Viracocha, som etter tradisjonen skal ha vore ekstremt lyst og skjeggete.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]