Vireofamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vireofamilien


Krattvireo Vireo bellii
Krattvireo Vireo bellii

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Vireonidae

Vireoar er ein familie Vireonidae av små til mellomstore sporvefuglar, ordenen Passeriformes, med distribusjon avgrensa til «Den nye verda». Dei fleste artane i familien har ei fjørdrakt i avdempa eller grønleg farge, dei minste artane liknar parulaer bortsett frå at parulaer har kraftigare nebb. De varierer i storleik frå chocovireo, Vireo masteri , dvergvireo (Vireo nelsoni) og korthalevireo (Hylophilus decurtatus), alle på rundt 10 cm og 8 gram, til slektene Cyclarhis og Vireolanius med medlemmer på opptil 17 cm og 40 gram (Forshaw & Parkes 1991).

Føda åt denne familien er først og fremst insekt og andre leddyr, dessutan noko frukt. Dei tar byttedyr frå blad og greiner, og fangar insekt i lufta. Gråvireoen, Vireo vicinior, tar 5 prosent av byttedyra frå bakken (Salaman & Barlow 2003).

Utbreiing og territorialåtferd[endre | endre wikiteksten]

Det er i området frå nordlege Sør-Amerika til Sentral-Amerika ein finn størst mangfald av artar i Vireonidae. Tretten artar av ekte vireoar lever lengre nord, i USA og Canada. Av desse er alle trekkfuglar med unntak av eikevireo, Vireo huttoni. Medlemmer av familien flyr sjeldan lange distansar, om dei ikkje er på trekk (Salaman & Barlow 2003). Dei lever i skoghabitat, spesifikke artar føretrekkjer lauvkrona, underskogen eller mangrovesumpen (Forshaw & Parkes 1991).

Standfuglartane opptrer i par eller familiegrupper som hevdar territorium heile året. Unntak er eikevireo som sluttar seg til større fleirartsflokkar på søk etter føde. Dei fleste av migrantane forsvarar territoriet mot individ av same art om vinteren. Unntaka er artane raudaugevireo, Vireo olivaceus , gulsidevireo, Vireo flavoviridis, skjeggvireo, Vireo altilloquus, og yucatánvireo, Vireo magister, som flyttar seg rundt om vinteren i små omstreifande flokkar (Salaman & Barlow 2003).

Song og forplanting[endre | endre wikiteksten]

Hannane av dei fleste artane er uthaldande songarar. Songen er vanlegvis ganske enkel, monotont hos nokre artar i Karibia. Mest utvikla og til størst hugnad for menneskeøyro er songen åt chocovireo og Cyclarhis (Salaman & Barlow 2003).

Reirkonstruksjonen for av mange tropiske artar er ukjent. Av dei som er kjent, finn ein koppforma reir som heng ut frå greiner. Hoa gjer storparten av ruginga, avløyst av hannen, unntatt raudaugevireo-komplekset(Salaman & Barlow 2003).

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Det er fire slekter av vireoar som utgjer familien Vireonidae, og dei kan vere relatert til artar i kråkefamilien og i varslarfamilien. Siste biokjemiske studiar har identifisert to slekter, Pteruthius og Erpornis i Timaliidae som kan vise seg å vere vireoar i «den gamle verda» (Reddy & Cracraft 2007).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Vireo frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Barker, F. Keith; Cibois, Alice; Schikler, Peter A.; Feinstein, **Julie & Cracraft, Joel (2004): Phylogeny and diversification of the largest avian radiation. Proceedings of the National Academy of Sciences 101(30): 11040-11045. PDF fulltext Supporting information
  • Collar, N. J. & Robson, C. 2007. Family Timaliidae (Babblers) Pp. 70–291 in; del Hoyo, J., Elliott, A. & Christie, D.A. eds. Handbook of the Birds of the World, Vol. 12. Picathartes to Tits and Chickadees. Lynx Edicions, Barcelona.
  • Forshaw, Joseph & Parkes, Kenneth C. 1991. Encyclopaedia of Animals: Birds, p. 209. Merehurst Press, London. ISBN 1-85391-186-0}}
  • Johnson, N. K., Zink, R. M., & Marten, J. A. 1988. Genetic evidence for relationships in the avian family Vireonidae. Condor, 90: 428-446.
  • Reddy, Sushma & Cracraft, Joel (2007): Old World Shrike-babblers (Pteruthius) belong with New World Vireos (Vireonidae). Molecular Phylogenetics and Evolution, 44 (3): 1352–1357.
  • Ridgely, R. S., & Tudor, G. 1989. The Birds of South America, vol. 1. Univ. Texas Press, Austin.
  • Salaman, Paul & Barlow, Jon C. 2003. Vireos. Pp. 478–479 in; Perrins, C. ed. The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books, Oxford. ISBN 1-55297-777-3.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]