Virgin Records

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Virgin Records var eit engelsk plateselskap starta av dei engelske entreprenørane Richard Branson og Nik Powell i 1972. Selskapet vart seinare seld til Thorn EMI og fusjonerte så med Capitol Records for å lage Capitol Music Group i 2006.

Plateselskapet starta som ei lita platesjappe som spesialiserte seg på import av krautrock. Etter at butikken vart ein suksess starta dei eit fullstendig plateselskap. Det første albumet på selskapet var det progressive rockealbumet Tubular Bells av Mike Oldfield i 1973.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]