Virginia Tech

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Virginia Tech


MottoUt Prosim
Grunnlagt1872
TypeOffentleg
Studentar28 470
Tilsette1 300
MedlemskapORCID, Digital Library Federation, Association of Research Libraries, arXiv, Center for Research Libraries
Nettstadhttps://www.vt.edu/ (engelsk)
Norris Hall

Virginia Polytechnic Institute and State University, betre kjent som Virginia Tech, er eit vitskapleg universitet i Blacksburg i den amerikanske delstaten Virginia.

Universitetet vart grunnlagt 1872 og er eit Land-grant-universitet, som resultat av Morrill Land-Grant Colleges Act. Frå starten var lærestaden òg eit av dei etter kvart seks såkalla Senior Military Colleges, og i dag tek kadettar militært reserveoffiserskurs ved Texas A&M, kombinert med sivil høgskuleutdanning. Den militære kombinasjonen var obligatorisk ved lærestaden fram til 1924, og frå 1964 vart den heilt frivillig.

Universitetet har (per 2007) 28 470 studentar og 1 304 vitskapleg tilsette. Campusen er på 10,52 km². I haustsemesteret 2006 var skulepengane på årsbasis US$ 6 973 for studentar folkeregistrert i delstaten Virginia.

Studietilbod[endre | endre wikiteksten]

Virginia Tech tilbyr 60 bachelorgrader og 140 mastergrader og doktorgrader gjennom sju fakultet:

  • College of Agriculture & Life Sciences
  • College of Architecture & Urban Studies
  • College of Liberal Arts and Human Sciences
  • Pamplin College of Business
  • College of Engineering,
  • College of Natural Resources
  • College of Science.

Campus[endre | endre wikiteksten]

Universitetet sitt hovudcampus er på 10,52 km² og ligg i Blacksburg. I tillegg er det campusar i i Hampton Roads (Virginia Beach), National Capital Region (Falls Church – Alexandria, Virginia), Richmond, Roanoke, og dessutan Southwest Virginia Higher Education Center i Abingdon.

På Blacksburg-campusen er dei fleste bygningane bygd med såkalla Hokie Stone, ei blanding av kalkstein, gjerne med dolomitt.

Virginia Tech har òg eit av dei høgast rangerte bespisningstilboda i landet; det er for tida rangert som nr 2 av Princeton Review.

Skyteepisode 16. april 2007[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Virginia Tech-massakren.

Den 16. april 2007 vart skulen åstad for ein skyteepisode der studenten Cho Seung-hui skaut og drap minst 32 menneske før han tok sitt eige liv.[1][2] I tillegg vart mange skadd, enkelte livstruande. Skytetragedien starta i sjutida lokal tid på eit internat, der to elevar vart skotne og drepen. To timer seinare gjekk våpenmannen inn i Norris Hall på motsett side av campus der ytterlegare 30 personar vart drepne før gjerningsmannen tok sitt eige liv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Virginia Tech