Virihaure

Koordinatar: 67°23′7.1448″N 16°34′12.464″E / 67.385318000°N 16.57012889°E / 67.385318000; 16.57012889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

67°23′7.1448″N 16°34′12.464″E / 67.385318000°N 16.57012889°E / 67.385318000; 16.57012889

Virihaure

Virihaure er den største innsjøen i Padjelanta nasjonalpark i svensk Lappland. Innsjøen ligg 579 meter over havet og har eit areal på 108 km². På det djupaste er han 138 meter og Virihaure er dermed den femte djupaste innsjøen i Sverige. Ved innsjøen ligg dei to samelandsbyane Staloluokta og Arasluokta. Innløpet skjer frå elvane Miellädno og Stalojåhkå. Innsjøen er ikkje regulert, har utløpet sitt i elva Vastenjaure og inngår i Luleälven-vassdraget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]